Hopp til innhold

Staten inn på soverommet

Staten vil at me skal ha lange, gode parforhold. Difor tilbyr dei kurs.

Bok, samliv, sex
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Staten kjem så å seie inn på soverommet, og det kan diskuterast om det er rolla Staten skal ha, men dei tilbyr redskapar for at parforholdet skal halda, seier kulturforskar ved Rokkansenteret, Universtietet i Bergen, Hilde Danielsen.

Hilde Danielsen

STATLEG ROLLE? Forskar ved Rokkansenteret, Hilde Danielsen har følgd fleire samlivskurs og snakka med mange par som har gjennomført dei statlege samlivskursa.

Foto: Lise-May Spissøy / NRK

Første barnet

Kurset heiter Godt Samliv, og er eit tilbod til alle som er førstegongsforeldre. Det er lett å gløyma at ein også er par i småbarnstida.

- På 50-talet ville det blitt kalla folkeopplysning. Då ville råda vore meir konkret, som å ha sex to gonger i veka, ha middagen klar når mannnen kjem heim og så vidare. I dag er paret sjølv ekspertar på eige samliv, men kursa tilbyr redskapar for korleis dei vil ha det.

Øv på å lytta

Anine og Thomas Mildestveit er kurshaldarar - og ektepar. Her er tipsa deira for at parforholdet skal vara:

  • Ikkje snakk når du er som mest opphissa. Ta time-out.
  • Øv deg i å lytta. Ikkje gå i forsvar, men prøv å få tak i kva den andre faktisk vil sei.
  • Baby med tåteflaske

    NYTT FOKUS: Det kan vera lett å gløyma at ein er eit par i småbarnstida.

    Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX
    Gjer avtale med kvarandre og skriv det i kalenderen. Prioriter det framfor både overtid, møter og anna som dukkar opp.

Feller

- Ei felle er at me planlegg kvardagen utan kvarandre. Born skal plasserast, jobben skal ha sitt. Likevel ventar ein at det skal vera fint med sex om kvelden. Me er trøytte og slitne og me har ikkje vore tilstades for kvarandre før på dagen, seier Anine Mildestveit.

- På alle andre område i livet er ein innstilt på å gjera ein innsats. Når ein snakkar om familielivet, har få definert tid der ein jobbar for å få det betre. Likevel påstår dei at partnaren og familien er det viktigaste i livet deira, seier Thomas Mildestveit.

Anine og Thomas Mildestveit

HØR NÅ ETTER! Anine og Thomas Mildestveit er kurshaldarar - og ektepar. Øv på å lytta til kvarandre, er eit råd dei gjer.

Foto: Lise May Spissøy / NRK

Førebygging

- Men kvifor skal det offentlege tilby samlivskurs?

- Hovudargumenet er dei enorme konsekvensane ein ser av at familiar går i oppløysing. Det er til dømes stort sjukefråver i samband med samlivsbrot. Men aller mest ser me konsekvensane i auken av born og unge med psykiske vanskar. Eg syns det er flott at Staten brukar pengar på å førebyggja slike problem, seier Thomas.

Opp til kommunen

Dei som er interesserte i slike kurs kan henvenda seg til Helsestasjonen. I fjor gjekk 455 par på Godt Samliv-kurs berre på Vestlandet. Til no har pengar frå Staten vore øyremerka, men no ligg dei inne i den store potten som kvar kommune får. Dermed er det opp til den einskilde kommune om dei vil bruka pengar på samlivskurs.