Med ein samla prislapp på 120 millionar kroner skal det i 2014 stå klar ein splitter ny og moderne luftambulansebase ved sentralsjukehuset i Førde. Den lokale entreprenøren Åsen & Øvrelid leverte det beste tilbodet og gler seg til å ta til på jobben.
– Eit viktig prosjekt for oss og betyr at vi slepp "reise over bekken etter vatn", seier dagleg leiar Leif Arne Åsen til avisa Firda.
Den eksisterande helikopterlandingsbasen ved sjukehuset i Førde tilfredsstiller ikkje dagens krav, og har vore ei mellombels løysing i ti år. Helse Førde seier ein ny landingsplass og baseanlegg vil gje betydeleg betra kvalitet i helsetilbodet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I tillegg til ny landingsplass for luftambulansen skal det byggjast ny AMK-sentral, ny ambulansestasjon for ambulansane i Førde, kontor til tilsette, vaktrom, overnattingsrom og helikopterhangar, skriv Firda.
Bernt Ove Flekke som er kommunikasjonssjef i Helse Førde seier til avisa at dei håpar å starta bygginga allereie i februar, om ikkje kulden set ein stoppar for arbeidet.
Leif Arne Åsen seier det blir eit utfordrande prosjekt for dei, og at dei ikkje har erfaring med denne typen arbeid frå tidlegare. Mellom anna er støy frå helikoptertrafikken noko som byr på utfordringar i forhold til at fleire andre funksjonar skal ligge i nærleiken, skriv avisa.
BETRE HELSETILBOD: Helse Førde har tidlegare sagt at den nye basen vil betre tilbodet dei har til pasientane.
Foto: Solem Arkitektur AS