Hopp til innhold

Starta leiteaksjon i Sogndal

Politiet sette i gang leiteaksjon etter ein rusa mann i Sogndal sentrum i natt. Men etter eit par timar kunne alle involverte pusta letta ut.

Den sakna hadde berre teke seg ein kvil etter ei fuktig natt på byen.

– Han hadde vel porsjonert litt feil, ja, seier operasjonsleiar hjå politiet, Olaug Holme.

Klokka 04.36 i natt sette politiet og Røde Kors i gang søket, og klokka 06.33 vart han funnen, og teken hand om av vener.

– Han hadde funne seg ein bygning i sentrum og sovna der, seier Holme.

Tok opphald på helikopterlandingsplass

Der politiet ofte har ei rekkje oppdrag på nattetid i helgene, har det natt til laurdag vore relativt roleg.

– Vi kan ikkje klage i natt, seier Holme.

I Førde fekk politiet telefonar om ein rusa mann som hadde bestemt seg for å opphalde seg på helikopterlandingsplassen ved sjukehuset, og reiste til staden for å vise han vekk.

Politiet i Førde måtte også bryte opp ein uroleg situasjon med fleire hissige personar ved ein bensinstasjon i Førde, og køyrde ein rusa mann heim.

Florø-politiet tok hand om ein sykkel, ein Diamant Zenit 20, som truleg var stolen. Personen som hadde sykkelen nekta å opplyse kvar sykkelen kom frå, skriv politiet på Twitter.