Hopp til innhold

Gardsarbeidar stakk av med bankkortet til sjefen - no må mannen i fengsel

Gardsarbeidaren i 30-åra skal fleire gonger ha snike seg vekk med bankkortet til arbeidsgivaren. No må han sone 30 dagar i fengsel, og betale tilbake pengane.

Fjordane tingrett

MÅ I FENGSEL: Mannen i 30-åra som er busett i Sunnfjord må sone 30 dagar i fengsel etter at han fleire gonger stakk av med minibankkortet til sjefen sin.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 30-åra stod tiltalt for å tjuveri av eit bankkort som han fleire gonger tok ut pengar med. Samla skal han ha teke ut 40.000 kroner.

Då saka gjekk i Fjordane tingrett sa mannen seg ikkje skuldig. Retten trudde han på eitt punkt, men har dømd han til 90 dagar fengsel, der 60 dagar er med ei prøvetid på to år.

Hevdar han fekk kort og kode med sjefen

Saka går tilbake til ein periode på to månader sommaren 2011. Tiltalte jobba då heime hos fornærma.

Tiltalte har forklart at han på eit tidspunkt vart beden om å hjelpe fornærma om å ta ut pengar. Fornærma skal ha drukke alkohol denne dagen, og trong 2000 kroner for å betale ein person for arbeid som vart utført.

Tiltalte forklarer at han fekk både bankkort og pinkode, og reiste til minibanken for å ta ut pengar. Ifølgje si eiga forklaring skal han ha levert tilbake både pengar, kortet og ei kvittering for uttaket.

Trudde tiltalte hadde stole 60.000,-

Fornærma på si side har avvist at han gav tiltalte kortet og pinkoden. Dagen før skal han ha blitt fråstolen 60.000 kroner frå ei skrivebordsskuff heime hos seg sjølv, noko han mistenkte at tiltalte hadde gjort.

Mannen meiner det difor er usannsynleg at han ville gje frå seg bankkortet og pinkoden med det som bakteppe. I same skuffe som pengane låg, skal det også ha vore ein lapp med pinkode på.

Tiltalte skal på dette tidspunktet ha vore under etterforsking for å ha stått bak tjuveriet, men forholdet vart lagt bort.

Liknar på overvakingsbileta

Det første uttaket er dokumentert med overvakingsbilete, og spørsmålet for retten har vore om uttaket skjedde fordi fornærma bad om det eller ikkje.

Retten meiner det er mykje som er usikkert rundt omstenda rundt uttaket, og etter ei samla vurdering har retten kome til at tiltalte må frifinnast for dette forholdet.

Tiltalte har vidare nekta for å stå bak dei sju andre uttaka, og meiner det er andre som kan stå bak. Retten på si side meiner det er bevist at det er tiltalte som står bak, og at han kvar gong stakk av med bakkortet frå lommeboka til fornærma.

Overvakingsbilete frå minibanken viser at uttaka vart gjort av ein maskert person, med jakke, lue, hanskar og skjerf som likna kleda som seinare vart funne etter ei ransaking hos tiltalte.

Det blir også vist til at personen som gjorde uttaka har liknande kroppsform og kroppshaldning som tiltalte.

Meiner tiltalte hadde motiv

I den aktuelle perioden jobba tiltalte på garden til fornærma, og han visste godt kor lommeboka og minibankkortet vart oppbevart. Det er ingen opplysningar i saka om at andre enn fornærma og tiltalte hadde kunnskap om pinkoden.

Kona til tiltalte har forklart at dei hadde det trongt økonomisk, og at retten meiner difor tiltalte hadde openberre motiv for vinningskriminalitet. Mannen er også tidlegare dømd for alvorleg vinningskriminalitet.

Fjordane tingrett skriv i dommen at det er straffeskjerpande at tiltalte har misbrukt tillitsforholdet med sin tidlegare arbeidsgjevar.

At uttaka har skjedd ved fleire separate høver, gjer også at handlingane verkar målretta og planlagde. Dei viser også til at mannen gjorde fleire grep for å skjule handlingane sine, mellom anna at han maskerte seg og la bankkortet tilbake i lommeboka mellom kvart uttak for å unngå å bli oppdaga.

Dømd til 90 dagar fengsel

I formildande retning er det at det er to år sidan forholdet fann stad.
Fjordane tingrett har dømd mannen til 90 dagar fengsel, der 60 dagar av straffa er med ei prøvetid på to år.

Mannen må betale i overkant av 30.000 kroner i erstatning til Sparebanken Sogn og Fjordane, dette med bakgrunn i ei forsikringsutbetaling til tiltalte.

Tiltalte må også betale 6.600 kroner i erstatning til fornærma, som svarar til eigendelen han måtte ut med i samband med forsikringsutbetalinga. I tillegg kjem sakskostnader på 3000 kroner.