Hopp til innhold

I natt mista dei verktøy for 50 000 kroner

– Dette er irriterande. Spesielt når du treng verktøyet, seier formann Stian Tennebø hos Drage bygg. I natt forsynte uvedkommande seg grovt frå anleggsbrakka deira i Førde.

Stian Myhre og Stian Tennebø i Drage bygg

OPPDAGA: Døra var brota opp då Stian Myhre (t.v.) og Stian Tennebø kom på jobb i Hafstadvegen tysdag morgon. – Ny lås er allereie på plass. Vi kjem ikkje til å leggje inn meir utstyr før vi har fått container på plass, og den er på veg, seier Myhre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Entreprenørverksemda Drage bygg er i full sving med Toyota Førde sitt nye bygg til nær 40 millionar kroner mellom Tools og Biltreff i Hafstadvegen i Førde.

Men tysdag morgon vart Stian Tennebø og kollega Stian Myhre møtt av ei oppbrota anleggsbrakke.

– Dei har stole med seg sager, bøyemaskin og kappemaskin, med meir. Det betyr ikkje noko for arbeidet vi gjer, men det er irriterande, seier Myhre.

Innbrot i anleggsbrakke

TJUVERI: Tjuven, eller tjuvane, tok seg inn i denne anleggsbrakka i natt.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Jan Egil Tvinde

TIPS: Lensmann Jan Egil Tvinde ber publikum om hjelp etter innbrotet. – Vi er interesserte i tips frå folk som kan ha sett noko i anleggsområdet ved Biltreff, seier Tvinde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Innbrotet skjedde mellom klokka 23 måndag kveld og 0730 tysdag morgon. Politiet ber folk som kan ha informasjon om tjuveriet om å ringe 02800.

Tjuven, eller tjuvane, har fått med seg verktøy for ein verdi av mellom 40 000 og 50 000 kroner.

– Alt av utstyr er merka med namnet til dei som eig det. Dei dyraste maskinene er ikkje stolne, seier lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde.