Grytidleg tysdag morgon gjekk innbrotsalarmen på bensinstasjonen på Stårheim i Eid.
Georg Piel eig og driv bensinstasjonen som er tilknytt bilverkstaden på Stårheim. Han seier han vart vekt av innbrotsalarmen i 4-tida i dag tidleg.
– Eg blir varsla på telefonen, forklarar Piel til NRK.no tidleg tysdag morgon.
Stakk av med båt
Piel seier innbrotsalarmen også uler ganske høgt og at fleire folk i nærområdet skal ha blitt merksame på det som var i ferd med å skje.
– Fleire skal ha sett ein person forlate bensinstasjonen, vedkommande skal ha sett seg i ein båt og reist ut på fjorden, seier Piel. Han seier vedkommande skal ha brote seg inn ei dør på stasjonen.
Det er installert overvakingskamera på stasjonen og desse bileta syner tydeleg mannen som braut seg inn. Politiet har vore på staden og ifølgje lensmann i Eid, Webjørn Moa, er innbrotstjuven ein person politiet er kjent med frå før.
Stal båt og forsøkte bryte seg inn i ein annan
Moa seier til NRK.no at dei tysdag morgon har fått vite at same mannen står bak eit båttjuveri.
– Same person skal tidlegare på kvelden ha stole ein båt i båthamna på Nordfjordeid. Seinare skal han ha gjort forsøkt på å bryte seg inn i ein annan båt ved ei anna hamn, seier Moa.
Etter innbrotet på Stårheim stakk mannen av med den stolne båten ut på fjorden. Moa seier politiet no leitar etter mannen.