Hopp til innhold

Stadig meir skog hindrar utsikt

– Attgroing langs vegane og i fjella er eit problem fleire stader i landet, seier Werner Harstad som er ansvarleg for fleire av dei nasjonale turistvegane.

Tregrensa kryp oppover

STADIG MEIR SKOG: Der det før var god utsikt, har no skogen teke over.

Foto: NRK

Skog er i ferd med å ta over store delar av fjellheimen i Sør-Norge. Tregrensa kryp stadig oppover mange stader. Der du før hadde flott utsikt, har trestammene overteke.

Werner Hafstad er strekningsansvarleg for Gamle Strynefjellsvegen, Sognefjellet og Valdresflya i prosjektet Nasjonale turistvegar. Han seier det er viktig å ha utsyn over landskap rundt turistvegar.

– Attgroing er eit generelt problem på mange strekningar i Norge. Vi brukar ein del pengar på det vi kallar utsiktsrydding der det er viktig å få utsyn til fjord, foss eller fjell.

Kan bli kritisk

Han seier det blir kritisk om heile landskapet må haldast nede. Så langt har høgfjellsovergangar blitt sparte for grov vegetasjon.

– Men vi ser no at både på Valdresflya og Hardangervidda at vegetasjonen kryp oppover, seier han.

Direktoratet for naturforvalting i Trondheim gir klimaendringar skulda for at tregrensa kryp oppover og fryktar for fleire artar.

– Vi har truleg berre sett starten på klimaendringane. Nå vi ser utbreiing av skog over mykje større område i høgda, vil det få konsekvensar for naturtypar i desse områda, seier seksjonssjef Gunn Paulsen i Direktoratet for naturforvaltning.

Hardangervidda kan bli Hardangerskogen

Framleis har vi store opne fjellandskap i Sør-Norge, men forskarane spår veldige endringar.

– Dette skjer over heile landet. Hardangervidda held på å bli Hardangerskogen. Det tykkjer eg er heilt forferdeleg, seier biolog Tanaquil Enzenberger.

Werner Hafstad i dei nasjonale turistvegane seier det må brukast meir pengar dersom Norge skal seljast på same måte i framtida.

– Det må bli ein verdidebatt rundt det. Kva er det vi ønskjer å vise fram, spør han.

Der du før hadde flott utsikt - har trestammene overtatt mange stader. Skog er i ferd med å ta over store delar av fjellheimen i Sør-Norge. Og det er ikkje berre utsikten som forsvinn.

SJÅ TV-SAKA: Tregrensa kryp stadig oppover i høgda.