Totalt bisto Sjømannkyrkja i 1976 sosialsaker i utlandet fjor.
– Årsaka til auken er samansett, men billege flybillettar og at nordmenn reiser stadig meir kan forklare noko, seier informasjonssjef Linn Mevold Skogheim.
Pattaya i Thailand er staden der flest nordmenn treng hjelp. Sjømannskyrkja i Pattaya hadde nesten halvparten av alle dei 1976 sosialsakene. Som nummer to kjem Gran Canaria med 287 sosialsaker.
– Det er på desse to stadane det er flest nordmenn. I Pattaya hadde vi 769 sosialsaker i 2010, i 2011 kom vi opp i heile 945. Vi har sett ei kolossal auke på sosialsaker dei siste åra, fortel Mevold Skogheim.
Manglar 15 millionar
Sjømannskyrkjer hjelper nordmenn som blir sjuke, opplever dødsfall, hamnar i nødssituasjonar eller treng nokon å snakke med. I tillegg hjelper dei med praktisk hjelp om det skulle vere naudsynt.
Problemet for Sjømannskyrkja er at medan talet på nordmenn i utlandet har auka kvart einaste år, har ikkje dei statlege løyvingane forandra seg på over eit tiår.
– På det same tiåret har Sjømannkyrkja tilsett 40–50 nye personar for å klare å hjelpe alle. Vi treng 15 millionar for å dekke lønnskostnnadane, seier Mevold Skogheim.
– Harde prioriteringar
Kyrkjedepartementet står for ein tredjedel av Sjømannskyrkja sitt totalet budsjett. Resten er gåver frå private og næringsliv. No håpar Sjømannkyrkja at enten kyrkjedepartementet eller utanriksdepartementet vil auke løyvingane.
– I haust la vi ned sjømannskyrkja i Göteborg, mykje på grunn av økonomi. Vi må gjere harde prioriteringar både på kvar vi skal vere til stades, og kva hjelp vi kan gje slik den økonomiske situasjonen er i dag. Vi treng meir statstøtte, seier Mevold Skogheim.