Hopp til innhold

Då Vidar hadde handa i klem, åtte timar frå land, var gode råd dyre...

Hovudredningssentralen har så langt i år hatt over 350 fleire redningsoppdrag på sjøen, enn i fjor. Då Vidar Tviberg fekk handa i klem langt til havs, var han glad redningshelikopteret var innan rekkjevidd.

Vidar Tviberg og fiskebåten

TAKKSAM: Vidar Tviberg er takksam for at redningshelikopteret kunne hente han, langt til havs. Med båt ville turen til sjukehus ha teke minst sju-åtte timar.

Foto: privat

– Det var ganske alvorleg skade, og eg var avhengig av å komme meg til

lege og behandling ganske fort, fortel Tviberg, som mista fire fingrar etter uhellet på fiskebåten.

Han er ein av mange som har kjent på nytten av redningstenesta, og særleg helikoptera. For Tviberg vart det nok også meir dramatisk enn for mange andre. Det er no over to år sidan han, på ein fiskebåt langt frå land, mista fire fingrar.

– Det var om vinteren, i januar, at vi var på sildefiske vest for Smøla. Så kom eg i klem mellom ein vaier og ei blokk, slik at eg skada fire fingrar. Eg måtte fort på sjukehus, så då var det berre å tilkalle Sea Kingen, fortel Tviberg.

Ville teke sju-åtte timar med båt

Til no i år har Hovudredningssentralen på landsbasis hatt 2244

redningsoppdrag på sjøen. Det er over 350 fleire oppdrag enn same periode i fjor. Størsteparten skjer i Sør-Norge og det er også her auken er størst, frå 1296 oppdrag i fjor til 1629 i år.

I Nord-Norge har dei hatt 615 oppdrag til no, mot 593 i fjor. Ifølgje Hovudredningssentralen i Nord-Norge er det heilt normalt at tala er monaleg større i Sør-Norge, då det er her det er størst aktivitet av fritidsbåtar.

Då Tviberg vart evakuert frå fiskebåten, tok det under halvannan time frå ulukka skjedde til han kom seg til sjukehus. Han takkar redningshelikopteret for at det gjekk så fort.

– Det er langt frå der vi var på fiske og inn til næraste lege og sjukehus, og eg vart send endå lenger, til Trondheim. Så med båt ville det vore sju-åtte timar før eg hadde vore på sjukehus, seier Tviberg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VART HENTA: Ei 90 år gammal kvinne fekk problem med hjarta, og måtte hentast av redningshelikopter frå eit cruiseskip i Krakhellesundet for halvanna veke sidan.

Rykkjer heller ein gong for mykje

Hovudredningssentralen er usikre på kvifor det har vore ein auke i sjøoppdrag. Redningsinspektør Stein Solberg, seier det svingar frå år til år, men at auken i år er betydeleg.

– Vi har ikkje fått tid til å analysere det endå, men det er heilt klart at det er stor aktivitet, seier Solberg.

I mange tilfelle handlar redningsoppdraga om langt mindre alvorlege ting, som til dømes motorstopp. Men det er betre å rykkje ut ein gong for mykje, enn ein gong for lite, meiner Solberg.

– Vi er veldig glad for at vi har ein låg terskel før vi gjer noko, og at vi kjem før det vert alvorleg. Det er absolutt det beste, seier Solberg.

Er ei ekstra tryggleik for cruisepassasjerane

Redningstenesta omfattar også å hente ut sjuke passasjerar frå til dømes cruiseskip. Søndag for halvanna veke sidan vart ei 90 år gammal britisk kvinne med hjarteproblem heist opp i helikopteret i Krakhellesundet i Solund.

Så langt i år har det vore 27 slike oppdrag i Sør-Norge, mot 33 i same periode i fjor. Det svarar til berre rundt seks prosent av sjøoppdraga, men for cruisenæringa betyr likevel redningshelikopteret mykje.

– Den tryggleiken som skipslegen om bord kjenner, ved at han ved spesielle tilfelle kan sende folk i land med helikopter, den betyr absolutt noko, seier Arthur Kordt, som er administrerande direktør i European Cruise Service.

For Vidar har opplevinga på sjøen gjort han meir bevisst på kor viktig redningstenesta kan vere.

– Det betyr mykje. Ein kjenner seg litt liten i ein slik situasjon der ein mistar alle fingrane og har blødingar. Sikkerheita er viktig for oss på sjøen, seier Tviberg.