Hopp til innhold

Sprang 116,7 kilometer!

- Eg håpar Mensen Ernst ville vore stolt, seier Linda Eide.

Linda Eide løper 200 km på et døgn

Pleie er godt etter over 19 timar på asfalt.

Foto: Trygve-Reimar Ellertsen Hellestræ

NRK-programleiar Linda Eide har sprunge i 24 timar i strekk. Til minne om løparkongen Mensen Ernst. Og ho skuffa ikkje førebiletet.

Les også: Så langt kom Linda

Snart på Voss

- Eg kom nesten til Bulken, seier ei veldig sliten Linda Eide på telefon.

Det betyr har tilbakelagt 116,7 kilometer, noko som nesten utgjer tre heile maraton.

Ho starta frå Fresvik, heimstaden til Mensen Ernst, i går føremiddag klokka 12.00. Planen er å springe i 24 timar for å sjå kor langt ho kjem.

Få pausar

Linda Eide

Frå starten i Fresvik. 116,7 kilometer seinare var det slutt for den blide programleiaren.

Foto: NRK

Linda Eide fortel, i det ho tel blemmene under føtene, at ho aldri har hatt ein kropp som i dag. Totalt utkøyrd.

- Eg har sprunge eller gått heile tida, berre stoppa litt for å ete. Soving har vore heilt uaktuelt, seier programleiaren.

- Kroppen ville nok ikkje meir no, eg er heilt stiv i alt som er av musklar.

Frå før har Eide berre sprunge 2 mil på ein gong.

Verst i Mørkdalen

Eide fortel at turen over Vikafjellet gjekk greit.

- Det var eigentleg tøffast i dag tidleg, då eg sprang ned Mørkdalen mot Vinje. På det tidspunktet var eg heilt tom og landskapet var øde og alt gjekk berre trått.

- Men, Mensen Ernst ville vel vore stolt av deg?

- Eg håpar det, håpar liksom at det blir oppfatta som eit forsøk på å tillegne seg litt kunnskap om dei som har sprunge langt. 120 kilomter har før berre vore eit tal, no veit eg korleis det er. Og litt om korleis Ernst hadde det.