Hopp til innhold

Sperra vegen i fleire timar

Ein utanlandsk lastebil har måndag ettermiddag køyrt i grøfta mellom Otnes og Kvamme i Selje. Først nesten fire timar seinare kunne vegen opne att.

Lastebil i grøfta på fylkesveg 620

I GRØFTA: Bilen har fått store materielle skader og har mellom anna punktert fleire hjul etter det ublide møtet med grøfta.

Foto: NRK-tipsar

Trafikkuhellet skjedde på fylkesveg 620 mellom Otnes og Kvamme like før klokka halv tre måndag ettermiddag. Ifølgje Vegtrafikksentralen skal trekkvogna på bilen ha hamna utfor vegen, medan hengaren sperrar for annan trafikk.

Det skal vere minst to andre vogntog som ikkje kjem seg forbi på staden. Personbilar kan passere, men det er altså ikkje passering for større køyrety.

Folk på staden seier til NRK at lastebilen har kome utfor asfaltkanten før sjåføren miste kontroll over bilen. Deretter skal bilen ha krasja inn i fleire steinar på oppsida av vegen, noko som førte til at fleire av hjula punkterte. Bilen vart ståande inn i ein fjellknaust delvis oppe på ein bø.

Det skal ikkje vere snakk om personskade.

Klokka 15.30 frå NRK opplyst at bergingsbil var kome på plassen, men at denne måtte snu og køyre rundt for å kome til frå rett side. Vegtrafikksentralen seier det truleg vil gå fleire timar før vegen kan opne for fri ferdsel.

Først klokka 18.30 kunne vegen opne att.

Lastebil i grøfta på fylkesveg 620

TYDELEGE SPOR: Bilen har vore godt ute i grøfta. Her har ein starta bergingsarbeidet og har fått drege bilen delvis ned att på vegen.

Foto: NRK-tipsar
Materielle skader etter utforkøyring

PUNKTERT: Bilen har fått materielle skader og fleire av hjula på eine sida har punktert etter det ublide møtet med grøfta.

Foto: NRK-tipsar
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

.