Sperra matvarelager i tre timar
Klokka 09 varsla Norges Bondelag at aksjonen mot 26 matvarelager rundt om kring i landet er over. – Vi har oppnådd det vi ønskte. Vi har fått merksemd om at norskprodusert mat i butikkane ikkje er noko sjølvfølgje, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes til NTB. Rundt 20 bønder frå Sogn og Fjordane hadde reist til Bergen for å bli med på aksjonane mot grossistlagera som forsyner fjordfylket med matvarer.