Frode er fødd i 1979 og kjem frå Søreide på Høyanger sørside. Tilsett i NRK Sogn og Fjordane i 2000, og jobbar både radio og fjernsyn.
Frode starta sitt virke som journalist i Sogn Dagblad som frilansreporter i 1994. Då avisa vart lagt ned heldt han fram som frilansar for avisa Firda. Etter at han var ferdig som elev ved Høyanger Vidaregåande Skule starta han som journalist i avisa Ytre Sogn.
Militærtenesta utførte han som journalist ved presseavdelinga til Forsvarskommando Sør-Norge og hovudkvarteret for Nato i Stavanger. Sidan det har han jobba som journalist ved NRK Sogn og Fjordane. Frode jobbar for det meste med nyhende på radio og fjernsyn, og har eit spesielt ansvar for krimdekninga. Han er og å høyre som morgonvert.
Frode er leiar for Journalistklubben i NRK Sogn og Fjordane og sit som fagleg ansvarleg i Sogn og Fjordane Journalistlag. I tillegg er han medlem av bygdeboknemnda i Høyanger kommune.