Hopp til innhold

Opprørt bygd etter at Sophie Elise tok seg til rette i symjehallen deira

Sophie Elise og venninnene røykte og drakk på offentleg bad etter stengetid. No legg Lustrabadet, som inviterte dei, seg flate.

Sophie Elise på Lustrabadet

TOK FØRE SEG: Sophie Elise Isaksen og Nora Haukland har delt bilete av at dei drakk vin og røykte på Lustrabadet etter stengetid.

Foto: Skjermbilde: @sophieelise / Instagram

Vin, røyk og nakenbading etter stengetid.

Slik promoterer influensarane Sophie Elise og Nora Haukland sitt opphald på Lustrabadet i Sogn.

Det har skapt sterke reaksjonar i bygda.

– Det er veldig mange som er oppgitt, provosert og skuffa, seier Linda Watten.

Ho delte bileta som Sophie Elise og venninnene la ut på Instagram.

Dei to venninnene er Nora Haukland og Maria Wang Brandt.

I etterkant har Linda Watten, som er frå Luster, fått 80 meldingar frå folk som kjenner på dei same kjenslene.

– Det er til og med nokon som har boikotta Lustrabadet etter dette besøket. Kvifor skal dei få halde på slik som vi vanlege folk ikkje får lov til? spør Watten.

Ordføraren i Luster reagerer også på det som har skjedd i symjehallen.

– Eg veit sanneleg ikkje kva eg skal seie. Dette var ukjent for meg, men eg vil be om ei forklaring frå styret, seier Ivar Kvalen (Sp).

Sophie Elisa på Lustrabadet
Foto: Skjermdump: @sophieelise / Instagram

Alkohol, røyk, bading utan badetøy er nokon av brota på retningslinjene på kva som er lovleg på det offentlege badet, som er eigd av Luster kommune.

Saka er også omtala i Sogn Avis.

Tar sjølvkritikk

I etterkant av besøket har Lustrabadet lagt seg flat.

– Her må vi berre ta sjølvkritikk og lære av det. Vi kjem til å ta ei intern vurdering av alt som har skjedd, seier dagleg leiar for Lustrabadet Kent Monsen.

Influensarane fekk betalt for å dele bilete frå badet til sine følgarar.

– Ho kjem ut til eit stort nettverk som vi tenkte var kjempebra å nå ut til. Men dessverre vart det ikkje heilt slik som vi håpte på totalt sett. Det er beklageleg, seier Monsen.

Lustrabadet beklagar.

Lustrabadet beklagar at dei valte å bruke influensarar til å marknadsføre seg i sosiale medium.

Foto: Skjermbilde: @lustrabadet / Instagram

NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Sophie Elise.

Tømte ut vinflaske

Monsen fortel at dei ikkje oppdaga alkoholen og røyken før skaden var skjedd.

– Ting som var på bilete var tatt før vi fekk gjeve beskjed. Eg kan bekrefte at det var eit glas raudvin der, men eg kan også bekrefte at eg tømte ut ei nesten full rødvinsflaske, seier Monsen.

Sophie Elise på Lustrabadet

Lustrabadet seier dei ikkje oppdaga rødvinen før det var for seint.

Foto: Skjermbilde: @sophieelise / Instagram

– Då vi sa ifrå beklaga dei høfleg og respekterte det.

Influensar Nora Haukland, som er saman med Marius Høiby, sonen til kronprinsesse Mette-Marit, skriv at dei bada nakne.

– Det vart ikkje gjort sjølv om dei skriv det. Det er eit triks for å få fleire følgarar, seier Monsen.

Watten synest det er bra Lustrabadet tek sjølvkritikk.

– Det er bra fordi dei har drite seg ut. Eg skulle ønskje dei gjorde det tidlegare, seier Watten.

Ho håpar at Lustrabadet heretter fokuserer på dei som ofte tek turen.

– Det er ikkje greitt med forskjellsbehandling generelt, og eg synest Lustrabadet skal sette stor pris på dei lokale og trufaste som alltid kjem igjen og følger reglane.

Sophie Elise Isachsen har ein podkast i NRK radio.