Hopp til innhold

Sopa inn 20 mill. på børsen

- Eg driv med formueforvalting, seier 48-åringen som med sine 20 millionar tente mest av alle i Sogn og Fjordane.

Oslo børs
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Investeringslystne Oddmar Tenold hadde eit særs godt år i fjor, med ei inntekt på 20,4 millionar kroner. I tillegg måtte han ut med vel fem millionar i skatt. Formua tel no vel 18 millionar kroner.

- Aksjar går opp og ned, men det var god avkastning i fjor, seier han nøkternt. I 2005 tente han kring åtte millionar kroner på investeringane.

Investerer i verksemder

Tenold er styreformann i verksemda Barn-Nett, som vert drive av kona Tone Nisting Tenold. Ekteparet flytta i 1999 frå Bergen til Vik der dei utvida verksemda til mellom anna utvikling av dataprogram for drift av barnehagar. I 2003 fekk dei næringsprisen i Vik. Tenold seier at verksemda går bra, men at det ikkje er forklaringa på at han tronar øvst på inntektstoppen i fylket.

- Eg investerer i bedrifter. Er det rette prisar på børsen, så kan det gje god avkastning. Dette er min måte å bidra til samfunnet på. Eg er ikkje den som set i styre og stell i bygda, så då er det greitt å kunne bidra med skatteinntekter, seier han.

Tre over ti millionar

Han vil ikkje kommentere kva verksemder eller kor mange det er tale om.

- Skal fylket utvikle seg, er vi avhengige av eit aktivt næringsliv i kommunane, seier 48-åringen. Ein annan som har gjort det godt på aksjemarknaden er Ove Årdal frå Jølster. 46-åringen i Årdalen kan skilte med 26,3 millionar kroner i formue. I fjor tente han nær 13 millionar kroner. Vel 500.000 mindre enn tilsynslege Ruurd Kroondijk (63) i Askvoll.

 

Inntektstoppen Sogn og Fjordane

1 Oddmar Tenold, Vik, 20.458.662

2 Ruurd Kroondijk, Askvoll, 13.566.684

3 Ove Årdal, Jølster, 12.971.122

4 Stein Hyttedalen, Gloppen, 5.431.539

5 John Helge Lunde, Førde, 5.414.879

6 Jan Inge Søreide, Gloppen, 5.313.108

7 Knut Midtun, Leikanger, 5.202.198

8 Eldar Fred Olsen, Loen, 5.008.171

9 Magne Trones, Eikefjord, 4.625.720

10 Knut Magnus Olsen, Jølster, 4.238.202

 

 

Formuetoppen Sogn og Fjordane

1 Ola Braanaas, Gulen, 133.175.389

2 Fritz Hjelmeland, Førde, 127.403.808

3 Hans Harry Wergeland, Gulen, 95.839.334

4 Gunnar Johan Carlson, Måløy, 73.700.736

5 Jan Martin Frislid, Eid, 68.673.765

6 Andreas Myhre, Vågsøy, 59.362.373

7 Frank Magne Hjelmeland, Førde, 52.103.179

8 Roald Starheim, Eid, 48.138.229

9 Inger Marie Kristensen Langedal, Eikefjord, 43.617.305

10 Oddgeir Ragnar Igland, Flora, 41.959.676