Hopp til innhold

«Dette er stort for oss»

Sogn Indre imponerte alle med ein sterk andreplass i samlagsskytinga for veteran i landsskyttarstemnet tysdag kveld.

Sogn Indre

SØLVVETERANAR: Laget frå Indre Sogn kallar det stort å ta sølv i landsskyttarstemnet, som samlar dei beste skyttarane frå heile landet i desse dagar. Bak frå venstre: Magnar Molland og Ludvig Indrebø. Framme frå venstre: Bjarne Sandvik og Arvid Brennset.

Foto: Jørn Njøs

– Jau, det er ein veldig god prestasjon. Me er veldig nøgde for å seie det mildt, seier Arvid Brennset.

– Og om du ikkje skal seie det mildt?

– Det er stort for oss. Det gjekk langt over alle forventningar. Og det er nesten maks av det me kan rekne med å oppnå i landsskyttarstemnet, som samlar dei beste i heile landet.

Ein millimeter frå siger

Dei fire sogningane frå skyttarlag i Sogndal (Magnar Molland), Farnes (Ludvig Indrebø), Knipenborg (Bjarne Sandvik) og Leikanger (Arvid Brennset) er svært erfarne.

Etter reglane må to av skyttarane vere over 55, to over 65. På Sogn Indre er Brennset den yngste med 68 år; alle dei andre er over 70.

– Utan at eg har statistikk må me vere eit av dei eldste laga, seier Brennset.

Og dei gamle var nesten eldst på Sandnes.

– Me var veldig nære fyrste plass, faktisk under ein millimeter frå siger. Me hadde 399 av 400 poeng, og det siste skotet var 9.9, så nære ti blank som mogleg.

Roleg feiring

Med ti blank hadde dei vunne. For dei enda på same poengsum som vinnarlaget, Men vinnarane hadde fleire innertreff, altså fleire treff midt i tiaren.

Det er ein historisk god prestasjon, ifølgje Brennset. Laget har teke medalje for mange år sidan, men det var bronse. Og årets sølv skal feirast.

– Ja, me må feire. No skal me til å grille og kose oss. Det vert vel litt jubel, litt klapping og litt godord. Men fleire skal skyte att i morgon, så det vert ei roleg og beherska feiring, ler Brennset.

I samlagsskyting for veteran deltok 39 lag. Forutan sølvlaget frå Sogn Indre vart Sogn Ytre nummer 22, Sunnfjord 26 og Nordfjord 34.

Tysdag kveld skaut også seniorane, der 44 lag var med. Sogn Indre vart nummer 14, Sunnfjord nummer 28, Nordfjord nummer 29 og Sogn Ytre nummer 32.