Hopp til innhold

Søkkvått døgn i vente

Store nedbørsmengder er venta dei kommande dagane.

Flom
Foto: NRK

– Dei som ligg særleg utsett til bør tenkje over kva verdiar dei har ståande i kjellarane sine.

Det seier vakthavande hydrolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Stein Beldring.

Byrjar i natt

Sogn og Fjordane og Hordaland har mykje nedbør i vente dei neste dagane.

NVE sendte i føremiddag ut eit flaumvarsel. Varselet gjeld for perioden natt til torsdag til natt til fredag.

I dei to fylkene er det meldt 30 til 50 millimeter i løpet av 24 timar.

– Alvorleg

– Det er såpass alvorleg at det nokon stader kan skape store problem for bustadar og trafikk, seier Beldring i NVE.

– Det er ikkje snakk om øydeleggingar av store dimensjonar, men dei som får kjellarane sine fylte med vatn kan oppleve dette som dramatisk nok, legg han til.

Nedbør og snøsmelting

Det er store mengder nedbør kombinert med snøsmelting som er bakgrunnen for flaumvarselet.

Isløysing i elvar og bekkar, tele i bakken og is og snø som tettar røyrar, slukar og andre avløpsvegar kan føre til problem. Overfløyming vil også medføre ein auka fare for nye skred.

Det er uvisst om nedbøren kjem som regn eller snø.