Hopp til innhold

- Vi treng månadar med nedbør

Det må regne kvar dag i fleire månadar før vasstanden har normalisert seg.

Regn på frontrute

Månadsvis med regntunge dagar må til for at grunnvasstanden skal nå normalen att.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det betyr at det kan ta lang tid før folk får igjen vatnet og flere kan bli vaslause framover dersom det ikkje kjem mer regn.

- Vi opplever det som kallast ein «vintertørke». Det vil seie ein tørke som skuldast ein vinter med veldig lite nedbør, ingen smelting og tilsig til grunnvatnet, seier senioringeniør Herve Coleuille, i NVE.

Treng to meter

Grunnvassituasjonen 3. mars.

NVE si skildring av grunnvassituasjonen.

Foto: Illustrasjon: NVE

Fleire stadar langs norskekysten har NVE målt den lågaste grunnvasstanden på 30 år. Spesielt lågt er det i området frå Agder-fylka til Nord-Trøndelag. I høgareliggande strok frå Sørlandet til vestlege delar av Jotunheimen må ein attende til den tørre vinteren 1995/96 for å finne like låge målingar.

På Blakset i Stryn har to familiar vore utan vatn i springen sidan før jul. Leiaren i det private vassverket, Kjell Roset, seier dei treng vatn no.

- Vasstanden må opp med ein meter. Kanskje to meter, seier han.

- Smaken av siv

På det meste var ni husstandar vasslause på Blakset. Der er vasstanden i drikkevasskjelda nesten to meter lågare enn normalt.

- Tjønnet vi får det frå har kome så langt ned at vi kjenner smaken av siv og det er gul farge i det. Vi treng meir vatn no, fortel Roset.

Månadar med regn

Dersom vasstanden skal normalisere seg, må det regne uvanleg mykje framover. Opp mot 200 millimeter nedbør, tilsvarar fleire månadar med regn.

- Snøsmeltinga blir truleg ikkje nok for at vasstanden skal komme attende, og jorda er blitt veldig tørr på grunn av låg grunnvasstand, seier senioringeniøren.

Ber om hjelp

Skulle regne utebli, vil vasstanden halde fram med å synke. Og fleire vil miste vatnet sitt. På Blakset i Stryn er det lite snø i fjellet. No må dei berre be om hjelp frå oven.

- Vi får byrje å gå på kne ei stund og sjå om det hjelper, seier Roset.

- Bønene blir høyrde

Enn så lenge ser det ut til at bønene blir høyrde. Merete Øiestad ved Vervarslinga på Vestlandet seier vi har våte dagar i vente. Mest nedbør er det venta i ytre strok.

- Det er lokale variasjonar, men fram til natt til fredag kan det kome opp til 50 millimeter. Kor mykje det får å seie for grunnvasstanden veit eg ikkje, seier Øiestad.

Våtast blir det torsdag med opptil 30 millimeter. Nedbøren ser ut til å halde fram inn i helga. Hovudsakleg som regn.