Hopp til innhold

Søkjer fotograferande deltidsmobbar

Fjordenes Tidende har ifølgje NAV oppretta heilt nye, og svært spesielle, stillingar.

Deltidsmobbar

Slik ser annonsa ut på nav.no.

Foto: Nav.no

For ifølgje stillingsannonsa på nav.no , søkjer Fjordenes Tidende i Måløy etter "fotograferande journalistar til deltidsmobbing".

- Det er rett. Det er ei veldig spesiell stilling, men eg har slite litt med å finne lønnsregulativ. Per no veit eg heller ikkje kva stillingsinnstruksen skal innehalde, ler redaktør Erling Wåge, eller Erlign, som han heiter ifølgje annonsa.

Frist 28. september 2007

Avisa hadde sjølv ein rett versjon av annonsen på trykk fredag 8. januar. Der søkjer dei etter fotograferande journalistar til deltidsjobbing. Men då Arbeids- og velferdsforvaltningen (NAV) la annonsa ut på sine nettsider, vart det både ein, to og tre feil. Ikkje berre vart stillinga endra til "deltidsmobbing", men søknadsfristen vart skrudd to og eit halvt år attende i tid - til 28. september 2007.

- Det er vel mange som oppfattar det slik at mediebransjen driv mobbing, ler Wåge.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Annonsa slik den skal vere.

Annonsa Fjordene Tidende hadde på trykk fredag 8. januar.

Foto: Annonse i Fjordenes Tidende / NRK

Har fått 30 søkjarar

Sjølv om søknadsfristen i annonsa gjekk ut for lengst, har responsen vore overveldande. Redaktøren har hatt meir kav med å svare både seriøse og useriøse søkjarar, enn å sysle med redaktøroppgåvene. For sjølv om annonsa på nav.no også inneheld feil epostadresse, har fleire funne fram til både telefonnummer og epostadresse.

Erling Wåge

Redaktør Erling Wåge har hatt ein hektisk dag med å forklare dei ledige stillingane som 'fotograferande deltidsmobbar' i avisa.

Foto: odd l. drabløs

- I dag har eg nesten ikkje gjort anna enn å snakke i telefon, og svare på epostar. Så langt trur eg det er kome kring 30 epostar frå folk over heile landet. Nei, no har eg visst fått to til. Dei som søkjer spøkefullt, dei er det flest av, får spøkefulle svar. Dei som har teke dette på alvor, svarar eg rett som det er, at her er det nokon som har bomma skikkeleg på trykkfeil, fortel Wåge.

- I alle fall tittelen er rett

Redaktøren vart kjend med "trykkleifane" i 15-tida måndag. Han ringde sporenstreks til NAV for å oppklare feilen. I 21-tida måndag kveld låg annonsen framleis ute på nettsidene deira. Feilen er allereie formidla på Twitter og Facebook.

- Eg vart lova at feila skulle bli retta iløpet av kort tid. No ser eg at i alle fall tittelen er rett. Men det er eit kjempeproblem om dette blir liggande, vedgår han og ikkje skjønar anna enn at nokon hos NAV har bomma på tastaturet då annonsa vart publisert på nettet.

- Slikt skal ikkje skje

- Eg sit og lurer på om eg skal søkje, men har ikkje kome så langt, seier ein lattermild direktør for resultatområde NAV servicetjenester, Jørn Torbergsen, når NRK spør om han ynskjer å søkje på stillinga som deltidsmobbar. Torbergsen har mellom anna stillingsbasen som ansvarsområde.

- Nei, dette må vi berre beklage. Slikt skal ikkje skje, men kva som har skjedd kan eg ikkje svare for i kveld, seier han.

- Det er noko rart

- Det kan vere teknisk svikt, og det kan vere menneskeleg svikt. På den eine sida kan det tyde på ein tastefeil som gir ei svært tragikomisk betydning. På den andre sida, når du ser datoen, så ser du at det er noko rart her, held han fram.

Torbergsen fortel at nokre annonser blir tasta for hand. Det er uvisst om det gjeld den aktuelle annonsa frå Fjordenes Tidende. Han fortel at det er første gang han opplev slike feil i ei annonse, og legg til at annonsa først vil forsvinne ved midnatt.

Og til dei som lurer: søknadsfristen er 20. januar 2010.