Det er ei auke på 50 prosent frå i fjor til i år.
- Eg syns det er kjempekjekt. Eg er veldig glad for det, seier Olaug Nilssen som er rektor ved
i Bergen.- For vår rett som skule og høgskule er det kjempeviktig at folk er interessert i å gå her.
Ein større trend?
- Kva er grunnen til auken i søkjartalet, trur du?
- Vi håpar det har å gjere med at vi har vore litt offensive og meir synlege enn før. Men i og med at vi veit at andre kunstutdanningar også har eit oppsving, tenkjer vi vel at vi også er ein del av ein større trend, seier Nilssen.
LES OGSÅ:
Men den trenden har i tilfelle ikkje nådd frem til dei andre forfattarutdanningane i Norge. Ved Høgskolen i Telemark i Bø har dei nøyaktig like mange søkjarar som i fjor, 60 til femten studieplassar.
- Tolv i klassen er meir enn nok
Akademiet i bergen jobbar for tida med å utvide tilbodet, slik at studentane kan studera skrivekunst i meir enn eitt år. Men å utvide tilbodet med fleire plassar er ikkje aktuelt, iallefall ikkje enno.
Det synes student Aina Villanger er positivt.
- Vi er tolv no, og eg synes allereie det er litt mange. Ei mindre gruppe gjer det lettare å opne opp for samtale, og at fleire kjenner seg frie til å snakke, meiner forfattarstudenten.