Hopp til innhold

Søker etter Eeva med sonar

Politiet søker no etter Eeva-Maria Sieppi i Lille Lungegårdsvann i Bergen med sonar. Dette skjer i samarbeid med eit privat firma.

Søk i Lille Lungegårdsvann

SØK I LILLE LUNGEGÅRDSVANN: I dag søker politiet med sonar i Lille Lungegårdsvann. Biletet er frå fredag 24. mai, då brannvesenet dykka i søket etter Eeva-Maria.

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

Sakna - Eeva-Maria Sieppi

SAKNA: Eeva-Maria Sieppi har vore sakna sidan natt til 17. mai.

Foto: Privat

Politiet får hjelp frå eit privat firma i søket etter Eeva-Maria Sieppi. Dei søker i Lille Lungegårdsvannet, med sonar.

– Firmaet bruker ein sonar, som blir slept av ein liten båt. Det verkar ved at dei sender lydbølgjer ned i vatnet, og spesialistar i båten ser på ein skjerm kva som er på botnen i Lille Lungegårdsvannet, seier politioverbetjent Rigmor Isehaug.

Politiet har også tidlegare søkt i Lille Lungegårdsvannet. Då sende brannvesenet dykkarar ned i vatnet.

– Forholda for dykkarane er svært vanskeleg. Det er difor vi no vil prøve på ein ny måte, seier Isehaug.

Søket starta i dag, torsdag, klokka 12.00

Ingen spor

Eeva-Maria Sieppi har vore sakna sidan natt til 17. mai, og politiet har ikkje mange spor å gå etter.

– Vi har ingen spor etter den sakna etter at ho var på Deli de Luca den natta. Difor vil vi no gjere oss sikre på at ho ikkje ligg i vatnet, seier politioverbetjenten.

Politiet har tidlegare gjort offentleg ein overvakingsvideo frå Deli de Luca, og dei ønskjer no tips dersom nokon kan fortelje noko som kan hjelpe etterforskinga.

I går melde politiet at dei ville prioritere vanleg etterforsking før dei skulle gjennomføre fleire søk etter den sakna. Men no skal dei altså likevel søke vidare.

– Om vi skal gjennomføre søk på land eller i sjøen, må vi vurdere fortløpande ut frå etterforskinga, seier Isehaug.