Hopp til innhold

Sogning på stjernelag

Hovudrolla har Bjørn Sundquist, regien har Detektor-regissøren Pål Jackman og produksjonsleiaren heiter Einar Loftesnes og er frå Sogndal.

Einar Loftesnes og Pål Jackman

Einar Loftesnes saman med regissør Pål Jackman.

- Det er ein lågbudsjetts spelefilm som er laga utan støtte frå filmfondet. Alt er finansiert med private midlar, seier Loftesnes som har ein svært sentral jobb i produksjonen til selskapet ”Kong Film” som han sjølv var med og starta opp.

Trass i lågt budsjett har ”Jernanger” greidd å tiltrekke seg både hovudrolleinnehavar og regissør frå øvste hylle i Norge, og Loftesnes frydar seg over å jobbe med såpass store namn.

- Det var ikkje vanleg å finne så store namn i uavhengige filmar for nokre år sidan, men det har vorte vanlegare etter kvart, seier han.

"Jernanger"

”Jernanger” blir spelt inn i Stavanger i desse dagar og handlar om ein eldre mann, spelt av Bjørn Sundquist, si reise heim til Nord-Norge.

- Han er ein gamal, bitter mann som driv ein pub på eit gamalt vrak i Stavanger. Han kom frå den fiktive staden ”Jernanger” i Nord-Norge for 30 år sidan og forlot den store kjærleiken sin der oppe. Han skulle eigentleg drive passasjerbåt, men det gjekk ikkje og då vart det pub på båten i staden, seier Loftesnes.

I filmen blir den gamle mannen hjartesjuk og får det for seg at han vil heim til Nord-Norge for å treffe jenta han reiste frå.

- Då treng han ein medhjelpar for å få sett i stand båten sin slik at han kan segle nordover, seier Loftesnes.

"Tunheim the movie"

Einar Loftesnes nokre år bak seg i filmbransjen og har vore med på ei rekke ulike produksjonar. Mest kjend lokalt er han for ”Tunheim the Movie” eit erkelokalt produkt som framleis er blant dei best besøkte filmane nokon sinne på Sogndal Kino.

- Me vart vel slegne av ”Titanic”, men sidan eg kjem med ein ny båtfilm reknar eg med at vi kan slå den igjen, ler han.