Hopp til innhold

«Må prestere betre viss vi skal nå langt i cupen»

Sogndal-trenar Jonas Olsson er klar på at dersom Sogndal skal hevde seg i cupen, må laget prestere betre enn kva dei gjorde då dei slo Åsane 0–2 i dag.

Jonas Olsson

MÅ BLI BETRE: Sogndal-trenar Jonas Olsson er klar på at laget må opp eit hakk viss dei skal ha sjanse til å komme langt i cupen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi gjer ingen god kamp, og vi møter eit godt Åsane-lag som spelar god fotball. Det er ein jamspelt kamp der Åsane har ein god del sjansar i første omgang, så det er nesten litt ulogisk at vi leiar, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Tim Andre Nilsen scora i det 38. minutt.

– Vi blir betre i andre omgang, og til slutt får vi 2-0-målet som er avgjerande for resultatet, seier Olsson, om Tony Brochmann si scoring.

Vart betre i andre omgang

– Dess lenger kampen gjekk, dess betre vart det. Men at vi leia 1–0 inn i andre omgang var flaks. Vi har ein bra keeper og det tel også, seier Olsson.

Han er optimistisk med tanke på vidare cupspel.

– Vi vil gå så langt som vi kan. No vann vi denne kampen. Vi gjorde ein god cup i fjor, så vi håpar å komme endå lengre i år, seier Olsson.

Men han er klar på at då må spelet ytterlegare opp eit hakk.

– Vi må prestere betre enn det vi gjer i dag, seier Olsson.

Kor langt Sogndal kan nå i cupen, tykkjer han der er vanskeleg å svare på.

– Vi ser alltid moglegheiter, men vi skal vere audmjuke. Vi ligg sist på tabellen og presterer ikkje veldig bra i dag, men vi er vidare og det er alltid godt for sjølvkjensla å vinne kampar, seier Olsson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åsane-Sogndal

TOK SEG OPP: Sogndal spelte ein heller laber første omgang mot Åsane, men tok seg opp i andre omgang.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Var ein grei kamp

Sogndal-spelar Tim Andre Nilsen var nøgd med sitt eige mål, og tykte det smakte ekstra godt å score i heimfylket.

– Det var herleg å senke andre Bergens-lag. Det er det viktigaste, seier Nilsen.

Men heller ikkje han var veldig imponert over det Sogndal presterte på bana totalt sett.

– Første omgang var vi ganske dårlege, men vi gjer det betre i andre omgang. Det var viktig å få den andre scoringa, seier Nilsen.

– Det var ein grei kamp. Spør du meg, vinn vi ganske fortent, seier Nilsen.

Som bergensar var det litt ekstra å vere med på å senke Åsane.

– Det viktigaste er å slå alle dei andre Bergens-laga som ein ikkje har spelt for. Det er det viktigaste, seier Nilsen med glimt i auga.

Han trur sjansane er gode for at Sogndal kan nå langt i cupen.

– Vi prøver å komme så langt som råd og vinne kvar kamp. Vi har eit godt lag, så vi har alle moglegheiter, seier Nilsen.

Hadde fleire store sjansar

Åsane-spelar Jan-Ove Vik meiner Åsane-spelarane stod godt på.

– Eg tykte det var ein god kamp frå vår side. Vi stod på og kjempa hardt. Vi vart samde på førehand om å prøve å spele vårt spel, for vi veit kva Sogndal er gode på, seier Vik.

Han meiner Åsane kjempa godt, og peikar på at dei hadde fleire sjansar som ikkje gjekk inn.

– Vi hadde eit par i stonga og mange store sjansar, så det er litt ufortent. Men vi gjorde vårt beste, seier Vik, som likevel er skuffa etter kampen.

– Målsetjinga var å komme til tredje runde i cupen og kanskje slå eit tippeligalag. Men slik er det. Vi var ikkje gode nok i dag, seier Vik.

Han trur ikkje det er så mykje Åsane kunne gjort annleis.

– Eg tykte vi heldt oss til planen vår og stod på, seier Vik.

Klarte ikkje å matche Sogndal sitt tempo

Åsane-trenar Kjetil Knutsen meiner Åsane gjorde ein god figur, trass i tap.

– Eg tykkjer vi kjem godt ut av kampen. Men dei periodane vi ikkje er gode, er fordi kampen går for mykje på Sogndal sine premissar. Når vi får ballen ned på bakken, så tykkjer eg at vi matchar dei, og vel så det, seier Knutsen.

Men han legg til at tempoet i kampen var i hardaste laget.

– Det er litt uvant for oss, men vi er misnøgde med å tape 2-0, seier Knutsen.

– Vi var førebudde på kva som møtte oss, og det er Sogndal utruleg gode på. Det er det vi blir straffa for i dag. Vi må berre lære av det. Dette var ei fin erfaring, og så får vi jobbe vidare i seriespelet, seier Knutsen.