Hopp til innhold

Sogndal sjokkerte, men tapte

Sogndal opna forrykande, men klarte ikkje stå løpet ut mot gullkandidat Rosenborg.

Gamst og Rosenborg mot Sogndal

BERRE NESTEN: Gustav Valsvik og Sogndal leia 1–0 over Rosenborg, men måtte sjå poenga glippe etter pause.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Med 1–2 på Fosshaugane, tok gjestene frå Trøndelag eit steg nærare toppen av tabellen. Sogndal på si side ligg framleis på den utsette kvalifiseringsplassen.

Ved pause stod det 1–1. I eitt oppgjer Sogndal ikkje har vunne sidan 1998.

– Dette er surt. I dag var dagen å ta dei på og vi hadde dei i kne i 25 minuttar. Eg følte vi hadde ein gyllen moglegheit, men vi får det ikkje heilt til. Det er irriterande å ikkje kunne utnytte at dei har ein dårleg dag, seier ein tydeleg skuffa Ulrik Flo.

Skaka Rosenborg

Kveldens oppgjer på Fosshaugane opna i høgt tempo, der eit aggressivt og hardtarbeidande Sogndal-lag skaka Rosenborg dei første 20 minuttane.

(Artikkelen held fram under kampfakta)

Laster innhold, vennligst vent..
Per Joar Hansen

RBK-TRENAR: Per Joar Hansen lova før kampen at Rosenborg skulle ta dirigentpinnen. Så gjekk ikkje ...

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det var også Sogndal som tok føringa, då Mahatma Otoo fekk stå heilt åleine og styrte inn corneren frå Logi Valgardsson. Då hadde også kaptein Rune Bolseth allereie vore farleg frampå for vertane, medan Flo såg ei avslutning gå via Stefan Strandberg til corner.

– Sogndal var klart best det første kvarteret. Vi var ikkje på stasjonen. Dei var aggressive, overfall oss og fekk mykje dødballar, innkast og cornerar. Då er det aldri enkelt her oppe, seier Rosenborg-trenar Per Joar Hansen.

Så kom utlikninga

Det skulle gå 24 minuttar før Rosenborg kom til ei avslutning. Den gjekk til gjengjeld langt over Erik Dahlin og Sogndal-buret. Derimot fekk Tore Reginiussen full klaff då han på lekkert vis sette inn 1–1 på halv volley.

– Ballen fekk ein sprett som var ganske passande å berre dra til. Eg fekk ein god treff og det var deiligi å sjå den gå inn, gliser han om scoringa som for alvor sende Rosenborg inn i kampen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sogndal-spelar Rune Bolseth og trenar Jonas Olsson om 1-2-tapet for Rosenborg.

SJÅ: Sogndal-spelar Rune Bolseth og trenar Jonas Olsson var skuffa etter tapet for Rosenborg.

Minuttet seinare makta ikkje Alexander Søderlund å overliste ein utrustande Dahlin. På den etterfølgjande corneren heada same Søderlund ballen like utanfor vinkelen.

Brasilianske takter

Laga gjekk til pause med eitt mål kvar, og det skulle gå åtte speleminuttar før det igjen vart scoring på Fosshaugane. Søderlund vart spelaren som i det 56. minuttet fullførte snuoperasjonen for trønderane då han stanga umarkert fekk stange inn innlegget frå Mikael Dorsin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik Flo

JUBEL: Ulrik Flo jublar over Mahatma Otoo si tredje scoring på like manager cup- og seriekampar for Sogndal.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB Scanpix

– Eg trur vi trengde den i fleisen, for det er ikkje før på 1–1 vi startar skikkeleg, seier Reginiussen.

Kor tid seinare kunne brasilianske takter gjort ghanesiske Otoo til tomålsscorar. Diverre for heimepublikumet gjekk brassesparket i tverrliggaren.

Hopen-kanon

Heimelaget sette inn på både Tonny Brochmann Christiansen, Ruben Holsæter og Ørjan Hopen i eit forsøk på å kapre poeng. Gjestenes Nicki Bille Nielsen vart møtt med pipekonsert og buing då han entra bana like før slutt.

Sogndal pressa på siste fem minutta for å få utlikning, og Hopen kom nærme to gonger. Først på frispark og så på leit langskot.

Diverre for dei 4068 publikumarane vart det ikkje meir å juble over før dommaren blåste for full tid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Matchvinnar Alexander Søderlund og RBK-trenar Per Joar Hansen om 2-1-sigeren på Fosshaugane.

SJÅ: Matchvinnar Alexander Søderlund og RBK-trenar Per Joar Hansen var nøgde med sigeren på Fosshaugane. (Foto/Redigering: Ole Andre Rekkedal)

Nøgd Hansen

Rosenborg-trenar Hansen vedgår at oppgjeret vart langt tøffare enn fjorårets 4-0-siger på Fosshaugane.

– Då fekk vi i overkant godt betalt og avgjorde kampen med tre scoringar rett før pause. I dag fekk vi heldigvis eitt mål til pause, og den viktige 2-1-scoringa like etter pause, seier Hansen og er nøgd med måten Rosenborg avslutta førsteomgang på.

– Det er bra av oss å riste av oss den dårlege opninga og ta over kampen siste 25 minutta før pause. Så har vi fire-fem kanonsjansar som vi bør sette, og vi har tilbod om 1-3, men når vi ikkje får den, så lever kampen heilt inn. Då kan ein heller aldri vere sikker på korleis den endar, seier han.

– Ingen god dag

Dommar Espen Berntsen måtte tole mykje tilrop både frå publikum og spelarar gjennom kampen.

Flo meiner Berntsen, som Rosenborg og Sogndal, ikkje hadde nokon god dag.

– Eg føler dei får veldig mykje billeg og vi får ikkje frispark på mykje av det vi vil ha frispark på. Men det er ikkje det vi taper kampen på, seier han.