- Nei, det gjer et ikkje. Men det er klart det hadde vore mykje betre å vinne. Men vi har trass alt hatt ein god periode no, så får vi ta dette tapet. Så får vi jobbe godt i ferien og stå på når haustsesongen byrjar, seier trenaren.
Slit borte
Sogndal har særleg slite med å vinne på bortebane denne sesongen. Likevel seier Halvorsen at han er fornøgd med vårsesongen, og at det er ein kjend situasjon for Sogndal å måtte kjempe seg oppover på tabellen.
For i tillegg til forsterkingar utanfrå, må fleire av dei viktige spelarane bli skadefrie om laget skal sikre plassen.
- Det beste er jo at vi får tilbake dei som har vore vekke heile vårsesongen, seier Halvorsen.
Også kaptein Håvard Flo ser også lyst på haustsesongen. For sjølv om det no berre er to lag bak Sogndal på tabellen, er ikkje vegen lang til toppen heller, påpeikar han.