Hopp til innhold

Sogndal tapte mot Kongsvinger

Det ville seg ikkje for Sogndal borte mot Kongsvinger i dagens kamp i 1. divisjon. Sogningane tapte 1–0. Etter ti kampar ligg dei på femteplass på tabellen med 17 poeng. Men det er veldig jamt i serien, så dei er likevel berre eitt poeng bak Fredrikstad på toppen av tabellen.