Anders Stadheim og Tommy Øren skåra i sesongpremieren
Målskårarar var Tommy Øren, Ole Hjelmhaug (straffe) og Anders Stadheim.
Perle av Stadheim
Anders Stadheim demonstrerte i går med all tydelegheit at han har noko dei fleste andre i 1. divisjon manglar. Gløden og sjølvtilliten var tilbake hjå fjorårets mest utskjelte Sogndal-spelar. Og eit stykke ut i andre omgang kom eitt av desse øyeblikka som er grunnen til at folk gidd å sjå på fotballkampar. Stadheim laga det som kan bli årets mål på Fosshaugane. Han stod på over 30 meters hald, dempa ein tversoverpasning på brystet og sette ballen inn på volley. Ei perle!
Ga frå seg initiativet
Trond Fylling konstaterer at Sogndal tok ein relativt kontrollert 3-1-siger. Men Sogndal ga frå seg litt av initiativet mot slutten av kampen, og det likte Fylling ikkje.
1800 på tribunane
1800 tilskodarar fekk sjå Sogndal gjere den serieopninga alle håpa på.