Tysdag kveld spelte Sogndal treningskamp mot laget frå Førde.
Sogndal vann kampen 8-2. Ved pause var stillinga 4-0.
- Rett bilete av kampen
Speaker Tom Wolff Navarsete meiner at resultatet viser eit rett bilete av kampen.
- Kampen var overkøyring frå start til mål. Sogndal hadde full kontroll heile kampen og Førde sleppte dei til alt for lett til.
Fekk juling
Førde kom ikkje med i kampen før eit godt stykke ut i andre omgang. Trenar Knut Erik Folland seier at dei fekk bra bakoversveis i dag.
- Vi møtte eit godt Sogndal-lag og vi starta ikkje kampen før det hadde gått ein halvtime. Då får vi eit problem, seier han.
Han seier det var kjekt å spele mot Sogndal sjølv om dei fekk juling.
- Vi fekk stadfesta at vi har ein del å jobbe med. Vi klarer ikkje å halde aggressiviteten oppe i presset og vi vart straffa knallhardt for det i dag.
Ulrik tilbake
Songdal-spelar Ulrik Flo er tilbake på banen etter å ha vore skadd i nesten to år. I kampen i dag skåra han eit av måla mål og var nest sist ballen på fleire andre mål.
- Eg har funne rolla mi og er meir bevisst på kva eg skal gjere. No gjeld det å komme i best mogeleg form før seriestart.
Nøgd trenar
Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland seier at det er eit stort potensiale i Flo.
- Å komme tilbake slik etter eit langt avbrekk står det respekt av. Han har mange flotte eigenskaper og vi håper han held seg skadefri.
Emberland seier at kampen i dag viser at dei har ei solid tropp og at det er bra rytme i spelet.
- Det var mange i dag som periodevis gjorde det bra på banen.
Målskårarar var:
1-0: Jon Midttun-Lie, Sogndal
2-0: Valtter Laaksonen, Sogndal
3-0: Valtter Laaksonen, Sogndal
4-0: Lars Grorud, Sogndal
5-0: Ulrik Flo, Sogndal
5-1: Straffe ved Bernt Norevik, Førde
6-1: Tarjei Dale, Sogndal
7-1: Harald Stormoen, Sogndal
7-2: Steinar Tenden, Førde
8-2: Barry Kader, Sogndal