Hopp til innhold

Sogndal er rimelegast i drift i eliteserien

Sogndal er det fotballaget i eliteserien som får mest ut av kvar krone. Men rykkjer dei ned, kjem dei til å tape millionar.

Sogndal takkar for kampen etter 1-0 over Brann

KAN JUBLE: Her jublar Sogndal over 1-0-sigeren over Brann. Men dei kan også juble over god økonomisk styring.

Foto: Rune Fossum / NRK

Bergens Tidende har teke for seg alle budsjetta til eliteserieklubbane og sett kor mykje valuta dei har fått i form av poeng i løpet av 28 serierundar. Og på den tabellen er det Sogndal som tronar øvst.

I snitt brukar klubben 770.000 kroner per poeng dei har teke. Til samanlikning har Rosenborg brukt svimlande 4.450.000 kroner per poeng.

– Gjer det beste ut av situasjonen

– Ei kjekk stadfesting. Skal vi konkurrere på budsjett, er vi sjanselause. Låge budsjett er ein del av vår realitet og då må vi gjere det beste ut av situasjonen. I år har vi vore veldig flinke, seier dagleg leiar i Sogndal fotball, Egil Mundal til bt.no.

Egil Mundal

KJEKT: Dagleg leiar Egil Mundal er glad for at Sogndal presterer bra på eit nøkternt budsjett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Oversikta til BT syner dermed at pengar ikkje nødvendigvis betyr alt i fotball. Søndag spelar sogndølane mot Odd Grenland, eit lag som har fått frå å leve i konstant nedrykksangst, til å kjempe om medaljar, i løpet av to månader.

Treng berekraftig økonomi

Mundal legg til at mange klubbar har vore i kuttmodus siste tida.

– Då vert skilnadene mindre, iallfall på kort sikt. Det er viktig at norske klubbar byrjar å få ein berekraftig økonomi att. Det fører igjen til at fleire unggutar har fått sjansen, noko norsk fotball tener på, seier Mundal til avisa.

Men viss Sogndal tapar sine to siste kampar mot Odd Grenland og Molde, kan plassen i årets eliteserie ryke. Og det vil svi på pungen.

– Vi vil miste inntekter på mellom tre og seks millionar kroner på eit nedrykk, seier Mundal.