Hopp til innhold

So mykje får me att på skatten

Skatteoppgjeret er klart 24. juni, og i Sogn og Fjordane kan meir enn femti tusen personar sjå fram til å sjå på kontoutskrifta si denne dagen.

PENGER
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Vel 50 000 personar i fylket kan glede seg til å sjå kontoutskrifta fredag 24. juni. Då lovar Skatt Vest at skattepengane for i fjor kjem.

I snitt får skatteytarane i fylket tilbake 9575 kroner tilbake på skatten.

480 millionar tilbake

– I Sogn og Fjordane er det utlikna skattar og avgifter for meir enn 4,42 milliardar kroner. Over 50 000 skatteytarar får i alt 479,2 millionar kroner tilbake på skatten, opplyser avdelingsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatt Vest i ei pressemelding.

9.498 skattytarar i Sogn og Fjordane får totalt 79,6 millionar i restskatt, noko som gjer at kvar person må betala eit gjennomsnitt på 8381 kroner tilbake til statskassa, melder Skatt Vest.

Færre med restskatt

Nasjonalt får nesten 2,2 millionar skatteytarar attende om lag 22 milliardar kroner. Der er ein liten auke frå i fjor, og gir eit gjennomsnitt i overkant av 11 400 kroner kvar.

Om lag 440 000 skattytarar får restskatt på totalt 5 milliardar kroner, noko som er færre enn i fjor.