Hopp til innhold

Snøskred ved skisenter – kvinne frakta til sjukehus

Ei kvinne i 50-åra er frakta til sjukehus med skadar i ein arm, etter at ho vart tatt av eit snøskred like aust for Jølster skisenter i Vestland. Ingen er sakna og leiteaksjonen er avslutta.

Legehelikopter i Jølster

Kvinna som blei tatt av snøskred, vart frakta til sjukehus i ambulansehelikopter.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det var klokka 11.37 at skredet vart meldt inn.

To personar vart tatt og ein tredje person var vitne til skredet, som har gått i området like aust for dei preparerte løypene.

– Ut frå dei opplysingane me har, trur me ikkje at det er fleire personar som vart tatt. Men me sender ressursar inn i området for å stadfesta er at ingen andre er i skredet, seier Helge Blindheim, operasjonsleiar i politiet til NRK litt etter klokka 12 søndag.

Skred ved Jølster skisenter

Skredområdet ved Jølster skisenter

Foto: Helene H. Sæterdal

Klokka 14.43 melde politiet at søket er avslutta, utan å finna fleire personar. Det er heller ingen personar som er sakna.

Lavinehunden Nitro frå Norske Redningshunder i aksjon etter eit skred i Jølster.

Lavinehunden Nitro frå Norske Redningshunder var hunden som klarerte skredområdet, med senior hundeførar Helene H. Sæterdal.

Foto: Helene H. Sæterdal

Skredet skal vera mellom 20 og 30 meter breitt og 50 meter langt, ifølgje vitne.

– Den første meldinga gjekk ut på at det var to personar som var sakna, men me fekk ganske kjapt kontroll på at desse var ute av skredet, seier Blindheim.

Snøskred ved Jølster skisenter

Redningsmannskap er på plass ved skisenteret.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Den andre personen som vart tatt, ein mann i 50-åra, blir teken hand om av Røde kors, men skal vera uskadd.

Det er betydeleg snøskredfare på heile Vestlandet. Det er komplekse forhold og vedvarande svake lag nede i snøen.