Når det kjem regn på hustak som allereie er tunge av snø, kan vekta bli fleire tonn.
Drift- og vendlikehaldsleiar i Førde kommune, Magne Reidar Førde, har hatt travle dagar. Han er bekymra for kva konsekvensane kan bli når vêret no blir mildare.
- LES OGSÅ:
Mange tak har kollapsa
Mange stader i Sogn og Fjordane har husa store mengder snø på taket. Folk på gata har også begynt å bli bekymra:
Men også fleire andre stader i landet har snøen lava ned i vinter. Øyvind Frøland i firmaet Ålesund Tak rår alle huseigarar til å vere på vakt etter store snøfall.
I Trondheim kollapsa den splitter nye treningshallen til fotballklubben Rosenborg grunna store snømengder.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under videoen)
– Snøen blir kjempetung
– Alle må kontrollere taka sine. No når mildvêret kjem blir snøen kjempetung. Det er betre å måke taker for tidleg enn for seint, seier Førde.
Måndag fortalde NRK om Andor Smørdal i Nordfjord som opplevde at garasja vart øydelagt grunna den tunge snøen.
– Det er ein del arbeid med å måke taka for snø, men ein må berre gjere det. Snøen blir vanvittig tungt, seier Førde.
- LES OGSÅ:
Har fått inn fleire skader
Informasjonssjef i If Skadeforsikring, Jack Frostad, meiner det er grunn til å vere bekymra.
– Vi har fått inn ein skader. Kjem det regn eller våt snø, blir situasjonen forverra ganske raskt, seier Frostad.
Han fortel at det er viktig at folk reduserer snømengda og sørge for ein jamn fordeling slik at det tåler regnvêret; forsikringsutbetalinga kan nemleg bli mindre dersom ein ikkje har fjerna snøen frå taket.