Snø skapar trafikktrøbbel i vest

Fem personar blei sende til legesjekk etter ein bil hamna i fjellveggen. Store brøytemannskap har jobba med å fjerne snø natt til tysdag.

Bil havnet på taket

ULUKKE: Ein bil hamna på taket ved Tengesdal i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

Det snødde tett fleire stadar i landet måndag. Det førte til glatte vegar og dårlege køyreforhold.

Store brøytemannskap var derfor i aksjon i natt og rydda vegane for snø i Vestland.

Biltrafikken går førebels som normalt, opplyser Statens vegvesen til NRK. Det er fri ferdsel over Vikafjellet.

Samstundes er fleire bussruter innstilte eller forseinka som følge av glatte vegar, ifølge Skyss. På morgonen vart ein del avgangar i Bergen innstilte på grunn av akutt mangel på mannskap.

På riksveg 7 over Hardangervidda er det is og snødekke. Det er glatt her og der, men skal elles vere greie køyreforhold.

Fem til legesjekk

Det er så langt meldt om fire-fem trafikkuhell måndag kveld og fram til tysdag morgon i det vestlege fylket.

I 8-tida vart det meldt om ei trafikkulukke med ein bil ved Amfi Os i Bjørnafjorden. Det er glatt på staden.

Fem personar blei sende til legesjekk etter at ein bil hamna i fjellveggen ved Nesavatnet i Gaular.

To kom frå det utan å bli skadd då ein bil køyrde i autovernet ved Nessane i Balestrand.

På flyplassen på Sandane nord i Vestland måtte det tråkkast sti ut til morgonflyet. Flyginga som skulle gå 06.20 vart utsett til 7.05.

Sandane flyplass i Vestland

UTFORDRING: Mykje snø då passasjerar skulle entre flyet på Sandane flyplass i Gloppen i Vestland måndag morgon.

Foto: Vegard Løken / NRK

Bil med dårlege dekk

På Frekhaug nord for Bergen kolliderte to bilar front mot front like etter klokka 22 måndag kveld. Éin person vart sendt bort i ambulanse etter å ha vore medvitslaus og fastklemd i bilen.

– Det er glatt ute på vegane i kveld, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

  • Har du bilete frå snøvêret? Tips oss her.

I Sandnes i Rogaland hamna ein bil på taket ved Høleveien rett før Tengesdalsvatnet, og på Karmøy hamna ein bil utfor vegen på grunn av glatt føre måndag.

Busstrøbbel i Bergen

I bergensområdet vart fleire bussruter innstilt eller forsinka på grunn av glatte vegar måndag.

Vegtrafikksentralen oppmoda bilistar til å ta snøvêret på alvor.

– Eg trur folk flest skjønner at vêret er som det er og køyrer forsiktig, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal i Vegtrafikksentralen.

Nipedalen3

SNØ-UVÊR: Det snødde godt på Vestlandet måndag kveld.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Gult farevarsel

Det vart sendt ut gult farevarsel om snø fleire stader i landet.

Årsaka er at eit lågtrykk, som har lege mellom Island og Storbritannia, kjem inn og treffer vestkysten av Noreg.

Det gule farevarselet gjeld for Sogn og Fjordane, Hordaland og Sunnmøre frå måndag ettermiddag til tysdag. Desse stadene er det varsla om ein stad mellom 5 til 20 centimeter snø.

– Det er lokale variasjonar når det kjem til mengde, seier statsmeteorolog Iselin Skjervagen.

Ein bit av lågtrykket treffer også området Oslo, Østfold, Akershus, Vestfold og Buskerud.

– Der er det også ute eit snøvarsel, seier Skjervagen.

Nipedalen2

BRØYTAR VEG: Snøen har lagt seg fleire stadar i landet. Her frå Nipedalen i Bergen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Sende ut farevarsel for Lofoten

I Nordland vart det meldt om snøkaos etter at det har lava ned siste døgnet.

Tysdag morgon er fylkesveg 7594 Myrlandsveien mot Tjeldneset stengd på grunn av snøskred.

Snøfallet førte mellom anna til forseinkingar i trafikken.

– Vi har ganske store forseinkingar langs alle rutene i Bodø. Brøytemannskapa rekker ikkje å rydde traseane mellom kvart snøfall, då får vi litt problem, fortalde driftsdirektør Fredrik Moe i Nordlandsbuss til NRK måndag.

For Lofoten er det sendt ut gult farevarsel for snø til og med onsdag.

– Det kan komme 20–40 cm i løpet av 24 timar, melder meteorologane.

Snøfall i Nittedal

SKAL KOME SNØ: Det er sendt ut gult farevarsel om snø fleire stader i landet. Her frå eit snøfall i Nittedal tidlegare i år.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Åtvarar om snø og vind på fjellet

– Viss folk enno ikkje har skifta til vinterdekk, bør dei ikkje legge ut på køyretur, seier trafikkoperatør Brynjar Robertson i Statens vegvesen.

På Twitter åtvara Vegvesenet om snø i kombinasjon med vindkast på mellom 15 til 20 m/s på enkelte fjellovergangar.

– Entreprenørane er klar over dette og vil sette inn tiltak. Men brøytemannskapa kan ikkje vere overalt samtidig. Dei mest trafikkerte vegane blir brøyta først, fortel Robertson.

Vegvesenet ber folk følge med på vêrmeldingane og oppdateringar frå Vegtrafikksentralen.

Også i Hordaland bles det friskt og det var sendt ut gult farevarsel om vindkast. Måndag kveld var det venta lokalt kraftige vindkast på 27–33 m/s. Den verste vinden var venta i ytre strøk. Vinden skal minke tysdag føremiddag.

Gult farevarsel for vindkast i Hordaland

GULT FAREVARSEL: Måndag kveld er det venta det lokalt kraftige vindkast på 27–33 m/s i Hordaland.

Foto: Meteorologisk Institutt