Hopp til innhold

Snø i nord og varmerekordar i Sør – slik blir helga

Til helga kan temperaturane krype opp mot 30-talet fleire stader i landet. Men i nord kan dei derimot få første smaken av haust.

Jenter badar ved den populære badeplassen Sponavikjo på Stord.

KONTRAST: Denne helga blir varm i sør, men kald i nord, seier meteorologen.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sommarferien er over for dei fleste, og fleire gjer seg no klare til å returnere til kvardagen.

For dei som klamrar seg fast til håpet om litt meir sommar, blir det mogleg å skvise ut litt ekstra sommarvêr denne helga.

Får då er det venta høge temperaturar. I alle fall sør i landet.

– I helga er det venta over 25 grader fleire stader i Sør-Noreg, seier statsmeteorolog Kristin Sæther ved Meteorologisk institutt.

Om ein flyttar seg litt lengre nord på kartet, er det venta å bli vesentleg kaldare. For det er nemleg venta snø på fjelltoppane i Nord-Noreg i løpet av helga, melder meteorologen.

Dette er takka vere eit kraftig lågtrykk som dreg med seg kjølig luft.

– Det er det første haustlågtrykket som kjem til Nord-Noreg no.

3Slnl-bZv6A

SOMMAR: For dei som klamrar seg fast til håpet om litt meir sommar, blir det mogleg å skvise ut litt ekstra sommarvêr I sør-Noreg denne helga.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Varmen held fram i sør

For dei som bur i Sør-Noreg blir også den kommande veka bra, medan dei i nord får litt meir ruskevêr.

– Kor kaldt kan det bli i nord?

– I låglandet held det seg nok på plussida, men det kan bli ganske kjølig. Søndag droppar temperaturane og då blir det nok under ti grader fleire stader i låglandet, og opp mot fjella vert det ikkje mykje over 0 grader.

Vestlandet får derimot herlege temperaturar.

– Det ser ut som det etter kvart vert fint vêr over heile fylket i laurdag, seier Sæther.

Sundag verkar å bli den varmaste dagen, spesielt i indre strok. Lærdal i Sogn, blant andre, kan få 26 grader.

Badende barn

HØG TEMPERATUR: I helga og ut i neste veke kan det bli over 20 grader i store delar av Sør-Noreg.

Foto: Anders Fehn / NRK

Varslar varmerekordar

Tidlegare denne veka vart det målt varmerekord ved to målestasjonar. På Kvamskogen i Kvam kommune i Vestland fylke blei det målt 26,5 grader på torsdag.

Det er det varmaste som den stasjonen har målt i august sidan den starta å måle i 2006.

– Vi er berre halvvegs i august, og det har ikkje vore så veldig varmt til no. Så Kvamskogen skil seg litt ut som har greidd å slå ein varmerekord, seier klimavakt Ketil Tunheim ved Meteorologisk institutt.

I Sogn og Fjordane er det Lærdal som har hatt høgste temperatur i august so langt, som var 25,5 grader.

Lengre aust har høgste temperatur blitt målt på Geilo, ved 25,6 grader.

– Der slo dei sin gamle rekord med god margin, seier Tunheim.

Blir det fleire slike rekordar i månaden som kjem?

– Det er mogleg. Vi fekk jo nesten tropedag for nokre dagar sidan, då var ein nesten oppe i 30 grader. Der det var varmast i Etne med 29,8 grader.

Solnedgang

SISTE GLIMT AV SOMMAR: Denne helga vil Sør-Noreg bada i sol og varme. I nord får dei nedbør og kulde.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Strenge krav

For å setje varmerekord må målestasjonen ha målt temperaturar i området den står i, i minst 15 år.

– Er dei yngre, kan ein rekne med at den slår sin eigen rekord kvart år, fordi at dei ikkje har så mange tidlegare målingar, seier Tunheim.

I tillegg er det krav til kvar sensorane er plassert og at dei er av god nok kvalitet.