Hopp til innhold

Alvorleg for verksemd dersom ein vert teken med smuglarkjøt

Det kan få alvorlege konsekvensar for verksemder dersom dei blir tekne for å kjøpe smuglarkjøt. Det seier Rune Myklatun som er distriktssjef i Matilsynet i Sunnfjord.

Smuglarkjøt og Myklatun

KAN VERE HELSEFARLEG: Distriktssjef i Mattilsynet i Sunnfjord, Rune Myklatun, påpeikar at smuglarkjøt er ei alvorleg folkehelserisiko.

Foto: Marion Solheim / Politiet/NRK

I helga blei ein mann frå Østfold sikta for brot på tollova etter han vart stogga med 800 kilo kjøt i bilen i Førde.

Det var natt til søndag at politiet i Førde kom over ein bil lasta med 738 kilo kjøt. I tillegg var det 50 kilo med andre matvarer, samt 1000 sigarettar i bilen.

Det var ein politipatrulje som fatta mistanke då dei såg bilen.

Hevda kjøtet skulle til privatpersonar

Politiet seier kjøtet kan ha vore meint for restaurantar i Sunnfjord, sjølv om den sikta mannen i avhøyr har forklart at kjøtet skule leverast til privatpersonar i Sunnfjord.

Myklatun seier måten kjøtet var pakka på tyder på at det kanskje ikkje først og fremst var meint for privatpersonar.

– Vi støttar politiet i det synet. Det vi såg då vi inspiserte partiet var at det i hovudsak bestod av store pakningar, såkalla storhushaldningspakkar. Det kan tyde på at det ikkje skulle til privatfolk, men kanskje til litt større bedrifter, seier distriktssjef i Mattilsynet i Sunnfjord, Rune Myklatun.

Meiner dei tek stor risk

Politiet og Mattilsynet meiner at måten kjøtet var pakka på gjer at det vel så gjerne vart tenkt for restaurantbransjen.

Administrerande direktør for Rica Sunnfjord Hotell, Odd Erik Gullaksen, meiner mottakarane i så fall tek ein svært stor risk.

– Eg vil tru at folk som vil ta slike sjansar er i eit rimeleg stort mindretal. Vi har eit viktig ansvar for gjestene våre når det gjeld å tenkje på helsa deira, seier Gullaksen.

Han legg til at det også er eit anna viktig moment.

– Ein må følgje det lovverket som er. Eg går ut ifrå at dersom ein kjøper frå privatmarknaden på ein slik måte så rettar ein seg kanskje ikkje etter norsk lov. Det tykkjer er ikkje noko om, seier Gullaksen.

Kan vere alvorleg for bedrifta

– Ulovleg innførsel av kjøt er ein folkehelserisiko, seier Myklatun.

Han understrekar at det også får konsekvensar for den eller dei som har valt å skaffe seg råvarer på denne måten.

– Det kan vere alvorleg. Vi vil ofte politimelde denne type forhold. Politiet vil då sjølvsagt følgje dette opp. Bedrifta kan komme ille ut dersom det vert oppdaga at dei tek inn og serverer smuglarkjøt, seier Myklatun.

– Vi må i samråd med Mattilsynet finne ut kva som skjer vidare i saka, seier lensmann Jan Egil Tvinde.