Hopp til innhold

Teken med ulovleg innført kjøt

Ein person er sikta, og Mattilsynet kopla inn etter at to menn frå Østfold vart stogga i Førde med nær 800 kilo ulovleg innførte kjøt- og matvarer laurdag kveld.

Beslaglagt kjøt i Førde

ULOVLEG KJØT: Politiet tok hand om martvarene og sende dei vidare til Mattilsynet.

Foto: Politiet

Natt til søndag kom politiet i Førde over ein bil lasta med 738 kilo kjøt. I tillegg var det 50 kilo med andre matvarer og 1000 sigarettar i bilen. Ein politipatrulja fatta mistanke til bilen, fortel lensmann Jan Egil Tvinde.

– Dei stansa bilen og kontrollerte han. Dei fann ein god del kjøt og ein del andre matvarer, i tillegg til litt tobakk.

Den eine av mennene i bilen er avhøyrd og er no sikta. Han har forklart at kjøtet skulle leverast til privatpersonar i Sunnfjord, fortel Tvinde.

– Om det er rett skal eg ikkje seie sikkert.

– Eigna for restaurantbransjen

– Har de mistanke om at det kan vere andre mottakarar?

– Ut frå det som er beslaglagt kan det godt tenkast at det er eigna for restaurantbransjen, utan at eg kan seie det sikkert.

No er det beslaglagte kjøtet overlevert til Mattilsynet, som har meldt tilbake at kjøtet ikkje er oppbevart kaldt nok, og at det heller ikkje er merka som det skal.