Hopp til innhold

Bortimot halvert omsetnad for mange småkraftverk i fjor

Resultata for 2012 er eit stort tilbakeslag for dei mange småkraftverka som er etablerte dei siste åra.

Byrkjelo Kraftverk - demninga i Lonevatnet

LØNSAMT, TRASS ALT: Dette er demninga i Lonevatnet, som Byrkjelo Kraft disponerer. Selskapet gjekk med ein million i overskot i 2012.

Foto: Peter Bergheim

Avisa Firda har sett på rekneskapen til 22 kraftselskap i Jølster og Gloppen. Til saman hadde dei 52 millionar kroner mindre i omsetnad i 2012 enn året før.

– Mykje tyder på at gullalderen for småkraftbransjen er over, i alle fall for nokre år, seier dagleg leiar Olav Fuglestrand i Ytre Kandal Kraft. Han er og styremedlem i Fjord Energi.

I fjor var det låge kraftprisar, i tillegg var det mindre produksjon enn året før. Men dei fleste av dei 22 hadde likevel plussresultat, fire gjekk i minus og eitt hadde nullresultat.