Hopp til innhold

Småbarnsfaren blei lam etter ulukke i leikepark – vann knusande siger i retten

Småbarnsfaren saksøkte Leos Lekeland etter alvorleg ulukke, men selskapet avviste ansvar. I tingretten dukka fleire vitne opp. No jublar Ole Kristoffer over knusande dom.

Ole Kristoffer Relling ble alvorlig skadet etter ulykke på Leos Lekeland på Kokstad i Bergen

I RULLESTOL: I fleire månader sat Relling i rullestol etter ulukka. I dag er han på beina att, men må stadig på nye rehabiliteringsopphald.

Foto: Privat

Turen til Leos Lekeland på Kokstad i Bergen skulle snu opp ned på livet til Ole Kristoffer Relling.

11. august 2019 var småbarnsfaren på leikeparken i lag med sin halvtanna år gamle son, i tillegg til ein kompis og hans barn.

Det fatale skjedde då Relling skulle hjelpa guten sin opp trappa til ei sklie.

På toppen av platået bøygde faren seg ned og sette frå seg barnet. Han oppdaga ikkje den gule bjelken rett over hovudet sitt.

På den siste dagen i ferien sin, small han hovudet oppi metallbjelken og segna om.

I neste stund låg han livlaus på golvet.

Leos lekeland

SJIRAFFSKLIE: Den gule bjelken på denne sklia på Leos Lekeland er eit tryggingstiltak, for å bremsa barn som vil snu og gå ned. Relling hadde blikket ned mot sonen sin, og ante ikkje at bjelken var der. Han meiner leikeparken burde ha skilta og åtvara.

Foto: Privat

Skaden gjorde han lam frå nakken og ned.

Dei neste fem månadene låg han på Haukeland universitetssjukehus med konstatert ryggmergsskade.

Leikelandet avviste kravet

Relling og advokaten meinte Leos Lekeland stod ansvarleg for skaden han blei påført.

Bommen er godkjent og plassert på platået for å hindra skader på barn. Den skal bremsa farten til barn som snur og går ned igjen den bratte trappa.

Men stolpen var ikkje merka. Det var heller ikkje ei åtvaring ved inngangen, noko Relling og hans advokat meiner kunne ha forhindra ulukka.

Leikeparken konkluderte på si side med at ulukka var sjølvvalda, og avviste difor kravet om erstatning.

– Me kan ikkje sjå at det er feil på innretninga. Det var ei sjølvvalda ulukke me ikkje kan lastast for, uttalte marknadssjef Anders Forssten i Leos Lekeland til NRK i fjor.

Ole Kristoffer Renning ble skadd etter en ulykke på Leos Lekeland

LANGT OPPHALD: Relling blei liggande på sjukehus i fem månader. Han var lam frå nakken og ned og måtte læra seg å gå på nytt.

Foto: Privat

Full siger i tingretten

I juli tok Relling ut søksmål mot selskapet og forsikringsselskapet deira W.R. Berkley Insurance Nordic NUF. Målet var å slå fast at leikelandet var ansvarlege for ulukka.

Fredag fekk Relling dommen: Ein knusande siger.

Dommen blei først omtala av BA.

– Eg er så utruleg letta. Dette har vore ei byrde i snart tre år, fortel Relling til NRK.

Hordaland tingrett kom fram til at Leos Lekeland og forsikringsselskapet er solidarisk erstatningspliktige for skaden Relling blei påført i leikelandet. Dei må betala sakskostnadene til Relling, og kan venta seg eit erstatningssøksmål.

– Det blir søksmål. Men eg må setta meg ned med advokaten min og gå gjennom detaljane først, opplyser Relling.

Ole Kristoffer Relling
Foto: Thomas Thorsen / NRK

Fleire hadde skada seg på same apparat

I den sivile rettssaka, som gjekk føre seg i slutten av februar og byrjinga av mars, argumenterte Leos Lekeland med at ein tilsvarande bom er plassert på andre innretningar i dei mange leikeparkane.

Selskapet har ifølge dommen ikkje vore kjent med andre skader som følge av bommen, og meiner risikoen for skade er forsvinnande liten.

Men etter at Relling fortalde saka i media, blei han kontakta av fleire som hadde skada seg på Leos Lekeland.

  • Ein mann hadde skada seg på tilnærma identisk vis som Relling. Han blei liggande på toppen av trappa i 10–15 sekund før han fekk reist seg opp. Vedkomande forklarte i retten at han kjende nakkesmerter i rundt eitt år etter episoden.
  • Ei kvinne fortalde om ein tilsvarande hending. Ho var på veg opp den same trappa, då ho smalt hovudet i bommen. Ho forklarte at ho måtte setta seg ned i 10–15 minutt, og at ho blei fysisk uvel.
  • Også Relling sin kompis, som var med han då ulukka skjedde, hadde stanga hovudet i bommen, utan at han pådrog seg ein skade.
Leos Lekeland på Kokstad i Bergen

LEOS LEKELAND: Det var på leikeparken på Kokstad i Bergen ulukka skjedde.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Tilsette hadde slått seg på bjelken

Også ein av dei tilsette i leikeparken på Kokstad opplyste i retten at han hadde dunka hovudet i bommen. Sjølv om han var klar over at bommen var der.

Ut frå bevismaterialet finn retten at tilsette må ha vore merksame på at bommen var lite synleg og kunne vera lett å treffa, utan å setja i verk tiltak.

Hordaland tingrett meiner difor Leos Lekeland forstod eller burde ha forstått at det låg føre ein risiko for skade, og at dei ikkje ser ut til å ha hatt eit medvite forhold til dei vaksne sin tryggleik.

Ved enkle tiltak kunne leikeparken ha sørga for at skaden som Relling blei påført kunne vore unngått.

Dermed slår retten fast at Leos Lekeland Norge AS og forsikringsselskapet er erstatningsansvarlege for skaden Relling blei påført.

Leos Lekeland må også betala sakskostnadene på over 200.000 kroner.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Leos Lekeland laurdag.

Advokat Harald Holm Glad representerte selskapet og forsikringsselskapet i retten. Han opplyser til NRK at det så langt ikkje er tatt ei avgjerd på ankespørsmålet.

– Dommen kom seint i går ettermiddag, og eg har difor enno ikkje fått drøfta den med mine klientar. Utover det har eg ingen kommentar.

Klar for nytt rehab-opphald

I dag er Ole Kristoffer Relling ute av rullestolen. Han driv framleis med rehabilitering og skal på eit nytt opphald i august. Han har vore gjennom to operasjonar etter ulukka, den siste i september i fjor.

Året før ulukka hadde han starta sitt eige firma. Det måtte han legga ned.

No ventar han på at forsikringsselskapet skal rekna ut uføregraden. Han går på arbeidsavklaringspengar og har ei 20 prosent stilling i kommunikasjonsselskapet Apriil i Bergen.

– Du kan ikkje sjå på meg at eg har vore skadd. Men eg har mista ein del musklar, og må framleis trena opp kjernemuskulaturen.