Hopp til innhold

Sløvåg-ofra kan få erstatning

Sjansane aukar for erstatning til dei som vart sjuke etter eksplosjonsulukka ved Vest-Tank-anlegget i Gulen.

Eksplosjon i Sløvåg

STOR EKSPLOSJON: Sløvågulykken inntraff på ettermiddagen 24. mai i år, da to store tanker med olje og saltsyre eksploderte.

Foto: Wilheim Benidtson / NRK

Det har samanheng med ei erstatningssak 20.000 innbyggjarar i Elfenbeinkysten har gåande mot oljehandlarselskapet Trafigura, det tredje største uavhengige oljehandlarselskapet i verda.

I august 2006 lossa skipet ”Probo Koala” avfall i hamnebyen Abidjan i Elfenbeinkysten. Avfallet vart seinare dumpa på opne bossfyllingar i byen.

16 menneske omkom og 100.000 vart sjuke etter at avfallet var dumpa. Sist veke vart to personar dømde til 20 og 5 års fengsel for å ha dumpa avfallet. Selskapet Trafigura, som leverte avfallet i hamna, betalte 152 mill. euro til regjeringa i Elfenbeinkysten mot garanti om ikkje å risikera straff.

Trafigura endrar standpunkt

Sist veke vedgjekk Trafigura for første gong ansvar for avfallet som vart dumpa i Elfenbeinkysten. Det skjedde i High Court i London under førebuingane til erstatningssaka. Trafigura seier nå at dei skal betala erstatning til ofra dersom det kan påvisast at avfallet førte til sjukdom og død.

Les brevet fra Trafigura

Så seint som i september i år nekta Trafigura for einkvar kjennskap til avfallet og dumpiniga.

Trafigura presiserar overfor NRK at den siste utviklinga ikkje betyr at dei tek juridisk ansvar, men at dei no er villige til å betale erstatning dersom det viser seg at deira avfall gjorde folk sjuke.

Trafigura stod bak skipslastene med avfall både i Gulen og i Elfenbeinkysten, som inneheldt dei same stoffa ; kaustisk soda, bensinrestar og svovel. Begge stader vart folk plaga av kvalme,oppkast, såre auge og hals og kjemisk lungebetennelse.

LES OGSÅ: Leverte 350 tonn avfall i Sløvåg

Advokaten til dei 20.000 innbyggjarane i Elfenbeinkysten som krev erstatning, Martyn Day, frå advokatfirmaet Leigh Day & co, ser det som ein delvis siger at Trafigura nå aksepterer økonomisk ansvar dersom det blir bevist samanheng mellom avfallet og dødsfalla/helseskadene.

Advokat gir NRK æra

Også i Økokrim finn dei utviklinga interessant. Politiadvokat Tarjei Istad oppfattar det som at Trafigura nå reelt sett vedgår at dei har levert stoff dei ikkje skulle ha levert…..hverken i Afrika eller i Norge.

Etter å ha sett NRK Brennpunkt-programmet ” Mitt skip er lastet med…” kom representantar for advokatfirmaet Leigh Day & co til Sløvåg. Vitneutsagn derfrå og Brennpunkts avsløringar om produksjon av dårleg bensin i Sløvåg for eksport til Afrika, var medverkande til at Trafigura endra haldning, meiner Martyn Day.

Erstatning til folk i Gulen

Dei som bur i området nær Vest-Tank tek nå kontakt med advokat gjennom Norges Velforening. Nå har dei større håp om å få erstatning sidan Trafigura tek ansvar for giftstoffet, seier leiaren i Eidsbotn vel, Jon Ivar Steine.

Advokat for erstatningssaker, Siren Preto, seier det tyder på at Trafigura vedgår at dei har gjort noko dei ikkje burde gjort – og at ansvarsforoldet då er klargjort. Det vil i neste omgang kunna styrka sjansane for at folk som er blitt sjuke i Gulen skal får erstatning.

LES OGSÅ: Intervjuer syke i Sløvåg