Hopp til innhold

Sløkte virtuell brann i storefri

MO (NRK): Kva gjer ein når det brenn på komfyren og babyen skrik og brannalarmen ular? Elevar fekk prøve virtuell brannsløkking.

Erlend Sandbakk VR-briller

FORVIRRA: Elev Erlend Sandbakk prøver å sløkke ein brann og redde ein baby på same tid. Brannvesenet bruker VR-briller for å vise elevar kor stressande det er når ting tar fyr.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

I storefri kom brannvesenet i Førde til skulen på Mo, for å vise elevane kor stressande det er, dersom det tar fyr på kjøkkenet.

– Veldig mange ungdommar flyttar på hybel no, og mange har aldri budd heimanfrå før. Då er det mange som ikkje tenker over at dei skal sjå etter røykvarslarar, sløkkemiddel og rømmingsvegar når dei flyttar til ein ny plass, seier Torild Segtnan i førebyggande avdeling i brannvesenet i Førde.

Landsomfattande kampanje

Torild Segtnan

INFORMASJON: Torild Segtnan jobbar med førebygging i Førde brannvesen, og informerte elevar om branntryggleik.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Ho har i det siste reist rundt på skular og høgskular for å informere om den stressa situasjonen som oppstår når ting tar fyr. Og måten dei gjer det på er å feste spelebriller framfor auga til elevane, slik at dei kan oppleve ein nesten ekte brannsituasjon.

– Eg rydda ein rømmingsveg og kom meg ut, seier elev Erlend Sandbakk.

Han og andre elevar har prøvd brillene og vart ganske forvirra og stressa.

– Det var ikkje så lett, men eg trur det er endå vanskelegare i ein ekte stressa situasjon, seier Sandbakk.

Hybelbuarar får informasjon om branntryggleik

SJÅ VIDEO: Ein litt forvirra Erlend Sandbakk og andre Mo-elevar prøver så godt dei kan å hugse alt ein bør gjere når det brenn.

Ferske hybelbuarar

Segtnan i brannvesenet meiner det er ekstra viktig for dei som bur heimanfrå for første gong å bli mint på kor lite som skal til før det går gale.

– Når ein har ein open flamme i eit rom, tar det berre tre til fem minutt før det er overtent. Det går fort og viss ein ikkje veit kva ein skal gjere og ikkje har tryggingsutstyr, så er tida veldig knapp, seier Segtnan.

Ho seier at dei som derimot veit kva ein har, og har sett seg inn i det, kan klare seg ganske bra. Det er det dette spelet skal hjelpe elevane med.

Gløymer å redde babyen

Spelet handlar om ein heilt normal situasjon som kan utarte til brann. Ein blir forstyrra i det ein held på med. Og så går brannalarmen.

– Då må ein prøve å komme seg ut av spelet så fort ein kan. Ein får observere at sløkkemiddelet ikkje verkar. Då er neste situasjon at ein må komme seg ut derifrå, seier Segtnan.

Det blir mange ting å hugse på same tid, og i spelet gløymer dei fleste å ta med seg barnet på veg ut. No har elevane lært at det er lurt å huske alt det viktige.