Hopp til innhold

Slo Skåla-rekorden med minuttet

Tyrkiske Ahmet Arslan kjempa seg Skåla opp til ny bestetid. Den gamle rekordhaldaren måtte ta til takke med andreplass.

Ahmet Arslan vann Skåla Opp 2011

NY REKORD: Ahmed Arsland frå Tyrkia sette ny rekord Skåla Opp.

Foto: Jan Erik Sandbakk

Det tiande Skåla Opp gjekk av stabelen i flott vestlandsvêr. Eliteløparar frå heile verda deltok og det var europameisteren frå Tyrkia som kom først over målstreken 1848 meter over havet.

Med tida 1:07:38 slo Ahmet Arslan den førre bestetida med nesten eitt minutt. Jonathan Wyatt frå New Zealand hadde den gamle bestetida frå i fjor som var 1:08:30, men hadde ikkje full klaff i dag.

Wyatt kom inn som andremann på tida 1:10:06, medan Tomas Bereket frå Larvik Turn kom på tredjeplass med tida 1:12:31.

Dette er ein heilt fenomenal prestasjon, seier leiar for motbakkeløpet Skåla Opp, Erik Brendefur til NRK.no.

Langrennsløparen Roger Aa Djupvik frå Gloppen vart beste lokale herreløpar med tida 1:14:33, noko som heldt til ein 7. plass. Merete Helgheim, også frå Gloppen, vart beste lokale kvinneløpar med tida 1:36:01 som er den tiaste beste tida i kvinneklassen.

– Perfekte forhold

Løpsleiaren meiner vêret var med å lage ei perfekt ramme rundt det tiande løpet opp til Skålatårnet i Loen. Med 20 grader i startområdet og ein 6–7 grader på toppen la det forholda til rette for ein ny rekord.

– Stien er tørr og fin og med nesten 1100 mosjonistar opp langs med løypa til å heie han fram hadde Arslan dei beste forholda, seier Brendefur.

Han er mektig imponert over den nye bestetida.

– Arslan har vore europameister dei siste fem åra medan Wyatt er seks-gonger verdsmeister. Arslan låg godt an frå teten og enda opp med å slå Wyatt med fleire minutt.

Dei vel 1100 mosjonistane kunne starte turen mot toppen frå klokka 07. laurdag morgon og då klokka vart 10. og startskotet gjekk for konkurranseklassen var det ytterlegare 700 løparar som beina ut mot toppen.

– Det har vore ein fenomenal dag. Vi har hatt det heitt og godt, det har vore mange med og vi er alt i alt veldig nøgde, seier Brendfur.

Den tyrkiske vinnaren tek med seg 100 000 kroner i premiepengar etter dagens prestasjon. I tillegg til 30 000,- for førsteplassen får han også 70 000,- etter å ha sett ny rekord.

Har eigen status

Skåla ligg 1848 meter over havet og er rekna som den høgaste fjelltoppen i Norge som har foten sin i sjøen. Sidan oppstarten for ti år sidan har motbakkeløpet fått ein eigen status, og fjelltoppen dreg i tillegg fleire tusen turistar heile året.

Christian Prestegård som er rekna som motbakkemisjonæren i Norge let seg stadig imponere av både fjellet og stemninga rundt løpet.

– Dei som går opp først, mosjonistane, det er dei som er dagens vinnarar. Dei lagar eit show som verdas beste løparar spring rundt i heile verda og fortel om. Det er difor Skåla opp er blitt eit unikt førebilete for motbakkeløp verda over, seier Prestegård.

Ikkje ny rekord for damene

Beste dame vart Antonella Confortola Wyatt frå Italia på tida 1:23:05, noko som er over 13 minutt bak bestetida for kvinner frå 2008.

May Britt Buer frå Gular vart nest beste av damene med tida 1:26:45 og Kjersti Karoline Danielsen frå SK Vidar kom i mål på tredjeplass med tida 1:29:12.

Antonella Confortola Wyatt beste kvinne Skåla Opp

BESTE KVINNE: Antonella Confortola Wyatt vart først til toppen av kvinnene.

Foto: Jan Erik Sandbakk