Vegvesenet sin trafikkstasjon i Førde slo på stortromma då over 15 år gamle varslingsskilt skulle moderniserast ut ved kontrollstasjonen på Sanderplass.
No er dei først i landet med å kunne skilte inn også personbilar, motorsyklar og mopedar til kontroll.
– Vi får større valmoglegheit. No kan vi velje spesifikt kva køyretøy vi vil ha inn til kontroll. Vi kan kalle inn lastebilar, varebilar, bussar, personbilar, motorsyklar og mopedar, fortel inspektør Geir Leon Hetle.
Større sjanse for kontroll
Dagleg passerer det over 13.000 køyretøy forbi kontrollstasjonen på Hafstadflata. Tala for Vievegen er heller ikkje ubetydeleg, med trafikken til og frå fylkes største statlege arbeidsplass, Sentralsjukehuset.
I framtida risikerer alle køyrande på Vievegen og hovudfartsåra mellom Førde og Bergen å bli kalla inn til teknisk kontroll hos Statens vegvesen.
– Nokre vil nok sjå på det som risiko, men eg trur dei aller fleste er glade for at dei som ikkje skal vere i trafikken blir tekne ut. Men det blir større sjanse for å bli teken inn til kontroll, seier Hetle.
Først i landet
Det er dei ulike regionane som sjølve avgjer kva skilting dei har kontroll for. Etter det Vegdirektoratet kjenner til er kontrollstasjonen i Førde den første i landet som også har bilar, motorsyklar og mopedar på sine skilt.
Fagsjef Morten Fransrud hos NAF Trafikktrening ser berre fordelar med skiltet.
– Trafikkavviklinga flyt betre og blir meir føreseieleg med tydeleg forvarsel om kven som skal svinge av. Brå sving eller oppbremsing kan skape trafikkfarlege situasjonar, seier han.
Ei utfordring
Fransrud ser derimot ei utfordring med at skilta er nye.
– Mange er vande med at det berre er tyngre køyretøy som blir skilta inn til kontroll, og kanskje ikkje følgjer så nøye med på skiltinga når ein køyrer lettare køyretøy.
Den utfordringa har Hetle og Statens vegvesen teke høgde for. Det er førebels uvisst når symbola for personbilar, motorsyklar eller mopedar vil lyse på dei nye skilta.
– Vi byrjar i det små for å bygge oss erfaringar på korleis vi skal handtere dette, så må også trafikantane bli vande med det, seier Hetle.
Fleire kontrollar
Hetle seier det er eit ynskje frå Region Vest om å ha fleire personbilar inn til teknisk kontroll enn tidlegare.
– Det skal du ikkje sjå bort i frå. Heldigvis er dødstala på vegane på veg nedover. 107 omkomne i 2017 er eit lågt tal i høve tidlegare, men det er likevel alt for mange. Difor prøver vi alt vi kan, og med dei midlar vi rår over, å hindre dødsulukker i trafikken.