For medan resten av fylkestinget hadde vore samde om å nytte ferjeavløysing for å få bru over ytre Steinsund,
– Det vart ein spennande innspurt. Det er mange store og viktige prosjekt som vi gjerne skulle ha sett realisert her i fylket. Men eg trur nok at alle såg at ei løysing med ferjeavløysing var gunstig, og skulle ein få størst mogleg vinst av den så måtte ein søke no, seier Gunn Åmdal Mongstad som er ordførar i Solund.
- Les også:
Ferjeavløysing
Ap og Frp varsla at dei ikkje ville setje av pengane brua vil koste i økonomiplanen. Dei vil heller kome tilbake til det når dei har fått svar på søknaden. Fleirtalet i fylket legg inn pengane med ein gong.
Brua er kostnadsrekna til om lag 750 millionar kroner, der staten vil betale mesteparten.
– Det er ein betydleg sum, men så får ein jo dekka heile dette beløpet gjennom ferjeavløysinga medan fylkeskommunen må ta rentene, seier Åmdal Mongstad.
Det kan bety reine rentekostnadar på opp mot 230 millionar kroner for fylkeskommunen.
Stort løft for kommunen
For øykommunen med 800 innbyggarar betyr ei bru over Ytre Steinsund svært mykje. Ein firedel av innbyggarane blir no landfaste med kommunesenteret. I dag er dei avhengige av ferje, og den har dei fleste dagar siste avgang klokka 20.50.
– Det betyr at alle aktivitetar som er knytt til skule og fritidsaktivitetar i idrettsbygg må vere slutt klokka 20.30 slik at dei som bur i ytre Sula skal kunne delta. Det at vi nok kan fungere som eitt samfunn er utruleg viktig, seier Åmdal Mongstad.
Ved årsskifte er det klart for eit nytt ferjeanbod som skal gå i fem år, men Åmdal Mongstad håpar den nye brua kan vere på plass alt om fire år.
– Eg er optimist, og har vore optimist lenge. Det er ingen grunn til å ikkje vere det framleis. Det viktigaste er likevel at vi no veit at brua kjem, seier Åmdal Mongstad.