Nattebråk og høg fart – slik var natta for politiet

Politiet i fylket måtte i natt rydde opp i to tilfelle der rusa unge menn laga bråk på utestadar

Politi-illustrasjon
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Klokka 0124: Ordensuro, Sogndal.

Melding om ordensuro ved ein utestad. Politiet tok hand om ein rusa mann i 20-åra og køyrde han heim. Han fekk pålegg om å halde seg heime resten av natta. Det er oppretta sak for ordensforstyrring i rusa tilstand og denne vert følgd opp av Sogndal lensmannskontor.

Klokka 0140: Ordensuro, Førde.

Ein mann i 20-åra laga bråk på ein utestad og måtte takast hand om av politiet. Mannen var rusa, sint og oppfarande og vart derfor sett i drukkenskapsarrest og må sitte der til han blir edru. Det er oppretta sak på forholdet og den vert følgd opp av Førde lensmannskontor.

Klokka 0220: Trafikk, Stryn.

Politiet har hatt fartskontroll i 60-sona på RV 60 i Olden. Ein bilførar miste førarkortet då farten hans vart målt i 86 km/t (gjennomsnittsmåling)