Vaskerommet var ein av stadane pasientane kunne arbeide. Det var mange laken og dynetrekk å vaske på ein institusjon med 80 pasientar.
Dette biletet er truleg tatt noko ut på 1900-talet. Under sengene sto nattpottene klare.
På dei private asyla sov pasientane på sovesalar. Her var det fattige sinnssjuke som blei innlagt. Om ein hadde betre råd var offentlege tilbod der ein sjølv betalte for opphaldet ei meir komfortabel løysing. Dei aller rikaste fekk ofte pleie heime eller på insititusjonar i utlandet.