Hopp til innhold

Slik unngår du spysjuka

Jula og romjula er for mange ei tid der maten står i høgsetet. Men denne jula er det mange som ikkje har fått glede seg over dette i den grad dei ønska seg.

syk

Mange har hatt problem med å kose seg med julematen.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

For mange stader går det no ei kraftig omgangssjuke. Her får du gode råd om korleis du kan halde deg frisk.

Overlege ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, Reidar Hjetland, seier han har høyrt at mange er sjuke.

- Vanlegvis er det snakk om eit virus som heiter Noro som fører til oppkast og diare. Sjuka varer vanlegvis frå ein til to dagar og då er det berre å halde senga.

Vask hendene!

Viruset smittar veldig lett frå person til person og det er lett å få smitte på hendene.

- Vask hendene støtt og stadig. Og her har ikkje handspriten noko fortrinn framfor god, gammaldags handsvask. Ved dette viruset er det slik at god vask er like greitt som sprit.

- Kor tid er folk smittefarlege?

- Dei er smitteberande i to døger etter at dei har blitt friske, men er sjølvsagt mest smittefarlege når dei er sjuke.

Drikk nok

Hjetland seier at ein ikkje blir immune etter å ha gjennomgått spysjuka.

- I beste fall er det kortvarig, så du kan bli sjuk gong på gong.

Og Hjetland har eit råd når du ligg der og er skikkeleg dårleg.

- Få i deg nok drikke. Dette er veldig viktig dersom du har diare og oppkast.