– Dersom du synest det er varmt, så er det endå varmare for dei i pels, seier dyrlege Hanne Husebø Kristensen ved dyreklinikken i Florø.
Sjå dyrlegen sine tips i botn av saka.
– Kan bli dårleg på svært kort tid
Særleg er det menneskets beste venn som fort kan slite, når gradestokken kryp stadig oppover.
Katten, som er eit ørkendyr, toler nemleg varmen betre enn hunden. Dessutan går den meir fritt, og styrer slik sett temperaturen betre, forklarar Husebø Kristensen.
Denne vesle krabaten synest det kan bli litt vel mykje varme. Her med matmor Marte Kapsberger Mikkelsen.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKHo minner om at burdyr, som til dømes kanin, må ha skygge og tilgang på frisk vatn i varmen.
Husebø Kristensen har opplevd å få inn dyr som er så varme at dei har hatt behov for akuttbehandling.
Dyrlege Hanne Husebø Kristensen i Florø får mange spørsmål frå folk om korleis dei kan ta vare på dyra sine i sommarvarmen.
Foto: Solveig Svarstad– Ein svært varm hund vil pese, søke skygge og legge seg ned. Men tida frå dette stadiet og fram til eit heteslag, kan vere veldig kort. Og då er det fare på ferde.
– Han har det ikkje så bra i varmen
Hundeeigarane NRK møtte på gata i Bergen, var alle opptekne av å legge turane til tidleg, eller seint på dag.
Marianne Myklebust merkar at varmen tærer på:
– Han har det ikkje så bra no, seier Myklebust om den pelskledde vennen.
Ho fortel at dei prøver å ta bad på stranda, men at hunden ikkje er så glad i det.
– Så det blir litt tvangsbad, seier ho og ler.
Vala Hjort Jenssen og hunden på tur i sola.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKVala Hjorth Jenssen har også funne turen ut, men prøver å funne skygge og nok vatn for hunden sin.
Også Marte Kapsberger Mikkelsen gjer det same.
Ho tek gjerne hunden sin med på stranda, men då med ein parasoll i bagasjen, fortel ho.
Marte Kapsberger Mikkelsen og dachsen prøver å halde seg i skugge så godt dei kan.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKKoda og hundeeigar Sigrid Olsnes søkjer også mot vatn slike dagar.
– Han har veldig mykje pels og blir fort varm, så vi går på turar den han kan kjøle seg ned, seier Olsnes.
Koda er glad i å bade, og vil gjerne kjøle seg ned i varmen.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKDyreklinikken Anicura i Bergen trudde sommarvarmen ville føre til større pågang.
Men slik har det ikkje gått:
– Vi hadde venta meir. Varmen har ikkje prega vaktene, seier dagleg Gidske Benedicte Andersen, dagleg leiar ved dei fire klinikkane i Bergen.
Ho trur det kjem av at folk er flinke å lese seg opp.
– Det er mange flinke dyreeigarar der ute, seier Andersen.
Dette må du gjere – og ikkje gjere
Her er dyrlege Hanne Husebø Kristensen sine tips til korleis du tek vare på hunden din i varmen:
- Ikkje la den springe rundt og leike og herje når det er veldig varmt. Det kan føre til heteslag.
- Kjøl hunden din ned. Det finst til dømes kjølematter og vifter.
- Førebygg slik at hunden din også får det bra i varmen. Sjølv om det fint for oss tobeinte å ta ein strandtur, så er det betre for den pelskledde å vere heime. Om den må vere med, så må skygge og tilgang til vatn vere på plass.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRK - Pass på å ha rikeleg med drikke til hunden. Om den ikkje drikk, pesar, siklar og ikkje verkar heilt frisk, kan det vere fare på ferde. Då må du søke hjelp.
- Også dei firbeinte kan verte solbrent. Her kan vanleg solkrem gjere nytten.
- Hundar med veldig tjukk pels, eller som har hatt helseproblem frå før, er kort i snuten, kan fortare verte dårlege.
- Mykje og tung pels kan vere lurt å klippe.
- Ikkje ta med ein hund i bil når det er glovarmt, sjølv om du berre skal ein kjapp tur på butikken
- Pass på varm asfalt. Om det er varmt for oss menneske å gå der, er det gloheitt for hunden. Det kan føre til brannskadar på potane.
- Du skal ikkje gå tur med hunden midt på det varmaste på dagen.
- Ikkje ta med hunden til plassar der du ikkje på førehand har sjekka at det er skygge og tilgang på friskt vann.