Hopp til innhold

Slik starta dei russefeiringa

I Førde gjekk startskotet for russefeiringa med amerikansk fotballkamp i Førdehuset. Sjå alle bileta her.

Framfor om lag 700 tilskodarar på tribunen spelte raud- og blårussen amerikansk fotballkamp mot svartrussen i Førdehuset.

Håpar på ny tradisjon

Raud- og blårussen vann kampen klart med 20-0 - men det var få som brydde seg om resultatet: Langt viktigare var starten på russefeiringa.

- Eg synest dette var vellukka. Spelarane sa at det var veldig moro, og ein av dei gjekk av bana med tårer i augene fordi han syntest det var så stort, seier Arne Gjesdal.

Han er ein av fleire som står bak det nye arrangementet i Førde. No satsar han på at det blir tradisjon i åra som kjem.

Underhaldning av Kjetil og Kjartan

Utanom fotballkampen, hadde arrangørane leigd inn humorduoen Kjetil og Kjartan, som underheldt i pausane. På programmet stod ein tulletelefon til eit hotell i Ålesund og ein leksjon i hersketeknikkar.

I tillegg hadde dansegruppa Spekter ei fartsfylt oppvising.

- Neste år kjem vi tilbake - og gjerne med nye og attraktive innslag. Eg håpar dette er starten på noko, seier Gjesdal.

Russefeiringa held fram med Våslepp i Førde utover kvelden.