Hopp til innhold

Slik skal fylket feire 250 år

Det blir tre dagar med bursdagsfest når Sogn og Fjordane skal feire seg sjølv til hausten.

Terje Lyngstad, amtmanden og Tone Damli

MEDVERKAR PÅ FORSKJELLIG VIS: Terje Lyngstad, amtmannen Joachim de Knagenhjelm og Tone Damli har sentrale roller under den store feiringa.

Foto: Marit Hommedal/Scanpix, Fylkesarkivet, Vegard Grøtt/Scanpix

19. september er nemleg bursdagen til Nordre Bergenhus Amt/Sogn og Fjordane fylke. Det blir storfeiring tre dagar til enda og enda litt til. Hovudfeiringa blir i Sogndal, Leikanger og Balestrand, men heile fylket er inviterte.

Store veteranbåtar

Sjølve bursdagsfesten blir på Leikanger torsdag 19. september. Då startar det med opning av Amsstova om morgonen.

Ut på formiddagen kjem kysten inn til Leikanger i form av tre-fire av dei største veteranbåtane. Det blir folketog/kostymetog der det er venta at sjølvaste Amtmanden, Joachim de Knagenhjelm, dukkar opp. Han blir med på den store kulturfesten i «Saften» med sterke krefter frå heile Sogn og Fjordane.

I mål etter 10 maraton

Ute blir det torgdag med mange aktivitetar, song og musikk og kortreist mat. Og der spring og Mentsen Ernst, i teatersjef Terje Lyngstad sin skapnad, i mål etter 10 maratondistansar gjennom fylket!

Om kvelden blir det ungdommen som held fest i Saften med artisten Tone Damli i hovudrolla. I tillegg skal mange lokale band få stå på scena.

I Balestrand blir den offisielle jubileumsmiddagen servert om kvelden. Der blir det også Framtidskonferansen som er for ungdom.

I tillegg markerer kyrkja jubileet med festgudstenester over heile fylket 22. september.