I svidalen har ei vogn reist overende og nedover ein bakke. Vogna støtta seg på nokre tre, og ei straumlinje.
Dette pleide å vere ei campingvogn, men no er det ikkje mykje som minner om det
Vinden har ført til store øydeleggingar i Indre Nordfjord.
Over heile fylket ligg det tre over vegane. Statens vegvesen har hatt sitt fulle hyre med å ta i mot meldingane om stengde vegar.
Dette er eit vanleg syn langs vegane i Sogn og Fjordane etter Dagmar sine herjingar. Biletet er frå Høgeli i Gaular, der vegen går frå Sande og opp til Guddalen.
Asfalten her ved Florø Bil og Havneservice vart lagt i vår. Etter Dagmar sine herjingar er den ikkje til å kjenne igjen.
I Kirkeparken i Florø har fleire store tre måtte gje etter for vinden.
På kunstgrasbana i Florø har både dekket på bana og gjerde rundt fått merke den kraftige vinden.
Denne lysmasta i Florø har hatt eit brutalt møte med den kraftige vinden.
Vinden har flerra opp porten ved STX sitt verft i Florø.
På torget i Florø ser ein synlege spor etter uvêret.
Biletet er frå torget i Florø.
Mange hus manglar takstein etter vinden sine herjingar. Biletet er frå Aurland.
Dette uthuset har blitt flytta fleire meter i den kraftige vinden.
Fleire vegar er stengde av tre som ligg over vegen. Biletet er frå Flåm.
Dette busskuret måtte gje tapt etter vinden sine herjingar i Stryn.
I tillegg til vind kom det også store nedbørsmengder med uvêret. Her er det lokal flaum i Stryn.
Denne flaggstanga i Førde måtte gje tapt etter å ha fått eit stort tre over seg i uvêret.
Her har Dagmar fått herje i Stryn sentrum.
Fleire stor tre har velta over heile fylket. Dette biletet er frå Vassenden i Jølster.
Båten Bona Safir låg natt til måndag til kai i Gamle Askvoll sentrum.
Uvêret sette sitt preg på sjøen ved Granesundet ved Askvoll i natt.
Biletet er frå Askvoll sentrum.
Slik ser ein mykje av i Flåm i dag.
Det er store takskader mange stader i fylket. Her frå Flåm.
Haugevis med tre har ramla over ende i Flåm i natt.
Sunnfjord Energi inspiserer linjenettet frå helikopter.
Kristine Ramberg Aasen ved rotvelte i Flåm.
Rasert campingplass i Loen.
Kraftleiding som har blåst ned i Stryn.
Slik herja uvêret med campingplassen i Loen.
Dagmar reiste med uthus i Seimsdalen i Årdal.
Sjøen kokte utanfor Florø i timen før midnatt søndag kveld.
Den nye paviljongen ved Lillevatnet i Florø vart treft av eit stort tre i løpet av natta.
Dagmar herja i Lærdal
Uvêret har verkeleg teke hardt i Sogn, her i Lærdal
Det er ikkje myje att av taket etter at stormen har herja
Det er store røter som er røska opp i vinden natt til 2.juledag
Berre flaks redda desse bilane frå å bli knust av det store treet
Det er nok å henge fingarane for ryddemannskapa rundt om i Sogn og Fjordane etter stormen
Vanskeleg å kome fram er det fleire stader i fylket måndag
Her er det ikkje mykje att å skryte av etter at Dagmar har vore på besøk
Lagerbygning i Berle knust
Enorme tre er totalt øydelagde etter at vinden for over fylket
Ikkje mykje som minner om løe her. Dette bygget i Skjolden har fått store skader
Store mengder vatn fossar ned i vegbana i Førde
Ein båt hamna på ein pidestall i Flåm etter stormen